Skip to content

Me presenterer monsteret vårt

I dag sto me opp klokko 10, me gjekk nokre steg til resepsjonen og betalte ei natt til. Etter frukost køyrde me til butikken. Sjølv om dei hadde alt på butikkane i Russland, her følest det som om dei har endå meir. Alt er stort. Me fekk oss kundekort på butikken Safeway og kunne byrja å spara. Tilbake på campingjen gjekk me ein liten tur og såg at det var mangjen faste bubilar, nokon med sin eigen hage. Dette er ei heil ny verda for oss, me har aldri vore borti bubilar og oppdagar nye ting kvar dag.

  

  

  

Bubilen var ein uvant luksus samanlikna med vår beskjedne innreiing. Plutseleg hadde me eit soverom med ei dobbeltseng, kjøken med kokeplata, omn og kjøleskåp og bad med do, vask og dusj. Eteavdelinga kunne også verta til ei seng og skyvast ut til sido på bilen for å få større plass i stova. Over frontsetene var det endå ein sengjekrok med plass til tre personar. Det er den utstikkaren over håvene våre som skyggjer for utsikt når me køyrde. Totalt hadde me 7 soveplassar. Varme og aircondition var sjølvsagt på plass. I tillegg var det eit gedigent lagringsrom bak i bubilen, ein kunne også ha med seg syklar.

Men me tok det som ei midlertidig løysing og ei ny oppleving. Bubilar har også sine fordelar. Ein kan stoppa kor som helst og til dømes gå på do, lage mat eller ta seg ein lur. Det som plaga oss mest var at me ikkje kunna campe vilt slik me hadde planlagt på førehand. Me trudde at denne bilen skulle erstatta campingplassar og hotella, men til slutt vart det ikkje slikt. Langs ruta som me hadde valt var det ikkje mogleg å stoppa kor som helst, og etter å ha leita lengje ende me opp stort sett på ein camping. Dei var stort sett godt utstyrt, me kunne kobla oss til straum, vatn og avlaup, bruka dusj, toaletta og eventuelt fellesrom som kjøken og stova. På dei fleste campingplassar selde dei også daglegvarer og på nokre laga dei også mat. Kanadiske bubilar har ikkje eit portabelt kjemisk toalett som må takast ut og tømmast. Toaletta er innebygd, det er berre å kopla ei slangje og tømmer det ned i eit hol i bakkjen som er spesiallaga til det. Sleke avløpsstasjonar (dump stations) var anten ved kvar plass eller ein stad sentralt på campingjen. Dei fleste campingplassar hadde påkobling på kvar plass og då går alt ut direkte etter kvart.

  

  

  

  

I går sendte me førespurnad til Schayer broker company, men fekk ikkje svar frå dei so me ringde. Dei sa at dei skulle sjå på saka og koma tilbake med meir info på måndag. Dei hadde ikkje gjort noko liknande før. Det ser ut som om ingjen har fortolla ein bil før. 

  

  

  

I dag er 22. juli, dagen då terrorangrepet mot regjeringskvartalet i Oslo og Utøya skjedde for 10 år sidan. Me fekk det ikkje med oss med ein gong, men etter kvart las me om det i norske aviser. I tillegg var det noko som var vanskjeleg å begripa. Då folk me trefte fann ut at me var frå Norge, kondolerte dei og følte med oss. Verda fylgde med og var opptatt av denne tragedien der 77 personar vart drepne og mange vart skadde.