Skip to content

Me er i Reykjavík, verdas nordlegaste hovudstad

No er me i Reykjavík, hovudstad på Island og verdas nordlegaste hovudstad. Me landa på den internasjonale flyplassen Keflavík 07:20 og tok flybuss til sentrum. Det var framleis myrkt då me køyrte frå flyplassen og bussen heiv oss av framom Einholt Apartments som me hadde booka. Der sjekka me inn sjølve med dørkoden som me hadde fått tilsendt og fann nøkkelen vår på diskjen. Rommet var kjempefint, seng, bord, kjøken og bad. Sjøl om klokko var ni og snart lyse dagjen, la me oss til å sova litt. Eller, det var det som var planen, men me sov heilt til 13:30. Me åt nisto vår frå New York og gjekk ut, me måtte jo sjå byen, kunne ikkje berre liggja og sova 😊

Leilegheita vår ligg ikkje langt frå Laugavegur, hovudshoppinggata. Det tar cirka 20 minuttar å koma til Lækjargata og Lækjartorg og det var mykje butikkar, caféar og restaurantar på vegen. På butikkane sel dei mykje fine kle, ullgenserar og suvenirar. Det byrja å regna, so me gjekk inn på Laundromat Café i Austurstræti kor dei hadde vaskemaskinar i kjedlaren og ein café i fyrste etasje. Me bestilte pommes frites med majones og skyrkake og leste islandske aviser.

Skyr er ein spesialitet på Island, det er eit melkjeprodukt som liknar på yoghurt, berre den er litt tjukkare, syrlegare og nesten utan feitt. Den serverast ofte som dessert eller til frukostblanding. Eller i ei kaka. I dag seljast skyr også på butikkar i Slovakia og i Norge. Skyr kjem opphavleg frå Norge og det var nordmenn som tok den med seg til Island på 800-talet. Etter det vart den borte frå norsk kjøken, mens på Island vart den ein del av kvardagskosten sidan då. Skyr kom seg på den norske marknaden att i 2009 då Q-Meieriene byrja å laga den. Men viss deko spør Geir, so har dei inn i fjorden alltid drukkje sjør, og då meiner han skikkeleg surmjelk (ein frå Kvam som drikk sjør kallar ein sjørkvem og dei vert som oftast so gamle at dei må skytast). Forresten, norsk uttale av skyr er sjør, mens den islandske er skir.

  

  

  

  

  

  

  

  

Me rusla litt i byen før me gjekk tilbake til Laugavegur og opp til Hallgrímskirkja. Kyrkjo vart påbyrja i 1945 og ferdigbygd i 1986. Den har eit spesielt tårn, er 74,5 meter høg og er den største kyrkje på Island. Den er oppkalla etter den islandske poeten Hallgrímur Pétursson. Interiøret i kyrkjo er gansje enkel og den husar eit stort orgel 15 meter høgt og 25 tonn tungt. Klokko 17 skulle det vera ein konsert der. Framom kyrkjo står statue av Leiv Eiriksson, den norrøne vikingjen (halvt norsk) som oppdaga Vinland som seinare fekk navnet Amerika. Statua var ei gåve frå USA i 1930 til 1000-årjubileum til det islandske stortinget (Alltinget). Det vil sei at statua stod der før kyrkjo vart bygd.

Også på Island måtte me smaka lokal mat, sjøl om den er veldig lik den norske. I ei vitskapeleg studie kåra dei maten på Island for den sunnaste i heile Europa, etterfylgd av maten i Italia. Grunn til det var at islendingane tradisjonelt sett ikkje hadde tilgang på ferske varer som frukt og grønsaker, men i staden for åt dei mykje fisk og kjøt og mat med mykje vitamin og næringsstoff som dei bearbeida slik at den varte lengje.

På restauranten Frú Berglaug bestilte me kvalsteik og lam med ferske grønsaker og frukt (blåbær og melon) og skyr med sukker og blåbær til dessert. Det var fantastisk godt. Kaffi tok me på ein bokhandel kor me også bladde i bøker og kjøpte eit kart over Island. So gjekk me heim, det regna og blas mykje.