Skip to content

Verdas 10. lengste elv

Dei ringde frå verkstaden om at bilen var ferdig. Bilen stod klar, me skulle berre betala for oljeskift (9 300 rublar / 1 860 kronar). Jevgenij fekk eit postkort av oss med bilen på Olkhon som me hadde framkalla og ei flaske vodka som me framleis hadde i bilen. Han sa at me måtte ringje viss det var noko med bilen. Han hadde alt avtalt med Toyota i Vladivostok at dei skulle hjelpe oss viss det gjekk gale på vegen til Vladivostok.

  

  

  

  

Etterpå køyrde me til byen og stoppa ved sido av parken og Leninstadion. Me gjekk ned til elva der det finst ei fin promenade med mangjen kioskar og eteplassar. Me bestilte mat på den fyrste og fekk pelmeni, tsjebureki, chips, blini og kaffe.

På ettermiddagen tok me båttur på elva Amur. Båten snudde ved den store brua der me køyrde i går. Det var ein del blokkhus ved stranda, dei er heldige som har kort veg til stranda. Elva Amur har ei lengde på 4 444 kilometer, er Russlands 4. og verdas 10. lengste elv. Den startar i Kina, renner gjennom Khabarovsk og ut i Stillehavet.

Tilbake på land rusla me til Lokalhistorisk museum kor me fyrst såg utstilling om Amur (flora, fauna og mineralar) og 70-årsjubileum til starten til den store patriotiske krigen, samt bilete til Valerij Sjiljaev som synte den russiske fjerne austen frå Amur til Stillehavet. I den gamle delen hadde dei ei utstilling om urbefolkning i regionen og lokalhistorie.

  

  

  

  

  

  

  

  

Folk i Russland

Me likar oss kjempegodt i Russland. Ingen av skrekkhistoriane me har vorte fortalde før reisa ser ut til å vera noko i (korrupte politifolk og kriminelle som me ikkje såg). Det er ikkje meir kriminalitet og farleg køyring her enn andre stader i verda.

Folk verkar veldig hyggelege og hjelpsame. Dei prøvde å hjelpa so godt dei kunne når me spurde om vegen eller trengte hjelp til å blåsa luft inn i et punktert dekk. Det har skjedd fleire gonger at folk ikkje klarde å forklara kor me skulle køyra, men dei sette seg i bilen og køyrde framfor oss. Som i går då ein framand mann på bensinstasjon køyrde framføre oss og viste oss vegen til Toyota-senteret. Eller i Volgograd då mannen med suvenirar tilbaud seg å passa på bilen vår då me ikkje fann parkering framom museet. Alle me har spurd om hjelp, har vore positive. Alle me har fortald om kor me var frå og kor me skulle, var positive (sjølv om dei syntest det var langt).

Russarar har vinka til oss langs vegen, inviterte oss på vodka eller te gav oss vodka i gåve, nokon spurde også om autograf. Dei fleste russarar er veldig greie, sjølvsagt finst det folk som er frekke og overlegne, men dei er jo over alt. Me har berre møtt nokon få slike og dei var mest irritert over at me ikkje skjønte russisk bra nok.

Det er ein stor forskjell mellom folk i byar og på landsbygda. Dei fleste som bur i byar ser ut til å vera mest opptekne av det materielle som bil, fine kle, dyre restaurantar. Folk på bygda har eit helt anna liv, dei har dyr, hentar ofte vatn i bygdas vatnpumpe, handlar på små matbutikkar med begrensa utval eller ventar på bil som kjem med brød til avtalt dag og tid, men er kanskje like lukkelege som dei nyrike russarane, viss ikkje lukkelegare.

Om russarane seier ein at dei ikkje smilar og ler. Og det er heilt korrekt – dei smilar mindre enn andre nasjonalitetar. Men dei har sine grunnar. Smilet har ingjenting med høflegheit å gjera. Dei smilar ikkje til framande folk, fordi smilet er forbeheldt famelie og vener. Dei mistenkjer faktisk når framande smilar til dei og lurar på grunnen til det. Russarar må ha ein god grunn til å smila, fordi ifylgje eit russisk ordtak er „latteren utan grunn eit teikn på dumheit“.