Skip to content

Ny passasjer

Sidan me var ein del på campingjen, frivillig eller ufrivillig, fann me ut at rett over vegen er Boeing-fabrikkjen. Det var visst fleire nordmenn som har jobba der. Til og med presidenten av The Boeing Company var norsk. Claire Egtvedt var president av Boeing frå 1933 til 1939 og seinare også styreleiar. Han var fødd i 1892 i Wisconsin, men foreldra hans kom frå Vossestrand. Han var flydesignar og reknast som faren til Boeing-17, det fyrste masseproduserte bombeflyet.

  

  

  

I dag skal me til Seattle med bil, fordi me skal henta Luba. Ho skulle ta båt frå Victoria i Canada. Båten var ein katamaran laga i storheitstida på Fjellstrand AS då ingen spurde om utslepp og forbruk. Desse hadde godt rykte og gjekk over frå Victoria til Seattle som er verhardt på grunn av Stillehavet står rett på.

På vegen til byen stoppa me i Renton der me handla gassboksar til lanterne og ny kaffikanne som vart knust. Frå Renton køyrde me over Mercer Island til sentrum i Seattle. Før me kom til sentrum, vart me stoppa av sivilpoliti då me stoppa litt forbi streken på raudt lys. Politimannen snakka i høgtaler frå bilen sin og sa at me ikkje måtte rygge, måtte berre stå der når me fyrst stod der. Men at me måtte kunne engelsk viss me ville køyra i USA. Han gjekk utifrå at me ikkje kunne engelsk sidan me hadde ein utanlandsk bil og hadde køyrd nokre centimeter over strekjen.  

I sentrum fann  me ein grei parkering i nærleiken av Space Needle og gjekk ein tur for å finna ut kor båten kjem i kveld. Me spaserte langs vatnkanten (Waterfront) og sette oss på ein café. Etterpå gjekk me på Pike Place Market og fann oss ein restaurant der me åt fish and chips. Pike Place Market er ein offentleg marknad som opna dørene i 1907 og ein kan finna lokale produkt av bønder, handverkarar og andre handelsmenn. Marknaden er den mest populære attraksjonen i Seattle og vert vitja av 10 millionar besøkjande årleg. På andre sido av vegen for marknaden ligg Starbucks, den aller fyrste Starbucks café som vart opna i 1971. På den tida lagde dei ikkje kaffidrikkar, berre selde kaffibønner. Det var so lang kø der at me ikkje orka å venta. Ein mann spelte gitar framom caféen og var ein attraksjon. Me var også innom Metsker Maps of Seattle, ein fantastisk bra bokhandel med stort utval av kart, bøker og alt mogleg anna. Me kjøpte oss ein stor vegatlas over USA slik at me kan fylgja med på kor me er 😊 Seinare på kvelden gjekk me til bilen og køyrde ned til kaien og venta på Luba. Båten kom presist, men det tok tid før alle kom på land. Dei reiste frå Canada so dei måtte sikkert gjøno ein slags grensekontroll. Det var vorte myrkt, so me berre køyrde heim og la oss alle tre oppi takteltet 😊 Luba hadde me eit telt, men ikkje liggjeunderlag, so det skal me ordna i morgon.