Skip to content

Vår fyrste dag i New York

  

  

  

  

I dag skulle me utforska Nedre Manhattan. Me ville sjå Fridomsgudinna, men ville ikkje ta ein turistbåt til Liberty Island, øya kor statua står. Me fann ut at ferja som går til øya Staten Island fer forbi Fridomsgudinna og er gratis. Det er ikkje alle turistar som veit om den. Den tek 25 minutt og går kvar halv time. Heldigvis var veret fint, so det var ikkje noko problem. Frå ferjo såg me Fridomsgudinna, øyane Ellis Island og Governors Island, Nedre Manhattan og Brooklyn.

Fridomsstatua var ei gåve frå Frankrike til USA til 100-årsjubileet til Uavhengigheitserklæringa i 1886. Statua er 45 meter høg og var den høgste bygning i NYC i 1886. Det vart brukt 20 år på å laga den. Statua symboliserar Land of the Free, Home of the Brave (landet til dei frie, heimen til dei modige).

Ellis Island er ei øy som ligg ved munninga av elva Hudson. Frå 1892 til 1954 har immigrasjonssenteret på øya tekje imot 12 millionar immigrantar, hovudsakeleg på 1800- og 1900-talet. Den siste innvandrar som gjekk gjennom Ellis-øya var den norske sjømannen Arne Peterssen. Øya er oppkalla etter sin fyrste eigar Samuel Ellis og vert drive som museum i dag (Immigration Museum).

Governors Island er tidlegare militærbase med sykkelstiar og ein del kultur- og fritidstilbod.

På veg til Staten Island såg me brua Verrazzano-Narrows Bridge, verdas største bru frå 1964 til 1981 (bruspenn på 1298 meter). Brua er oppkalla etter den italienske oppdagaren Giovanni da Verrazzano som var den fyrste europeeren som vitja New York.

  

  

  

  

  

  

  

Frå ferjo gjekk me til Stone Street, den fyrste brusteinslagde gato i byen. Der var det ein del kaféar og restaurantar, og me prøvde Adrienne´s Pizzabar og fekk ei stor panne med pizza som var utruleg god. No var det ikkje berre to matmomsar, men tre 😊

Når me hadde fylt opp magjen, rusla me mot Brooklyn Bridge som i dag ikkje berre er ei bru, men også ein attraksjon. Det er ei av tre bruer som forbinder Manhattan og Brooklyn. Når me fyrst er i gong med verdas største og lengste, kan me nevne at Brooklyn Bridge var verdas lengste hengjebru då den opna i 1883 (hovudspenn var 486 meter). Brooklyn Bridge har gotiske tårn og det er fin utsikt over NYC frå den. Brua er 1833 meter lång og det tar ikkje lång tid å gå over den. So me kom til Brooklyn, New York´s største bydel med 2,7 millionar innbyggjarar. I Brooklyn budde det ein gong 100 000 nordmenn og 80 000 slovakar. Det er visst ein slovakisk restaurant der, men me fekk ikkje tid til å gå der 😊 Me var innom hovudshoppinggata Fulton Street og elles spaserte me berre litt i gatene. Me kom over ein vegg på gata der det sto Before I die … og folk skulle skriva kve dei ville før dei døydde. Nokon hadde skreve Before I die I want to travel the world. Og det har me nettopp gjort, reist rundt jorda 😊