Skip to content

Kapp Khoboi og bading i Bajkalsjøen

I dag reiste me på tur til Kapp Khoboi i den nordlege tuppen av øya kor Bajkalsjøen er på det breiaste (79 km). Det er 41 km frå Khuzhir og me brukte 1,5 time. Me visste at det ikkje var nokon motorveg dit, men vegen var verkjeleg dårleg: fyrst støvete, so skogsveg, so køyrde me på sanddyner før me igjen kom inn i skogen og køyrde i bratte bakkar og store hol i vegen. Det hadde normalt sett ikkje vore så farleg, men bilen byrja å koka og me måtte kjøla han ned. Sjølv om det blæs på øya, temperaturen var rundt 30 grader og det tok oss lang tid å kjøle ned bilen. Me såg ikkje lyst på livet akkurat der og då. Me visste at radiatoren var dårleg før avreise so det kom ikkje som eit sjokk. Alle sa jo at det var kaldt i Sibir 😊

Me vurderte å snu, men gjorde det ikkje og køyrde likevel til Khoboi. Og det var me glad for. Khoboi er Olkhons nordlegaste punkt og ein heilag stad. Ifylgje legenda vart ei burjatisk kvinne forvandla til stein etter at ho krevde eit palass frå gudane (tengriis). Dei sa til ho at „so lengje det er vondskap og sjalusi på jorda, vert du til ein stein“.

  

  

  

  

  

  

  

  

På vegen tilbake stoppa me i Pestsjanoje. Det var her fiskerifabrikken var kor fangane frå gulag i Sovjettida jobba. Alt er vekke i dag. Men det er sanddyner her på eit område på 3 km2 der det veks sjeldne planter som ikkje finst andre stader i verda. Ikkje langt frå Khalgaj fann me ein grei plass på stranda. Me slappa av og styrte ikkje so mykje med middag, den var veldig enkel – zjarkoje frå hermetikk.

I Khuzhir stoppa me på ein butikk for å kjøpe vatn og på Nikita´s for å hente nyvaska kle. Derifrå køyrde me sørover og stoppa ved Khankhoj-sjøen i nærleiken av kapp Elgaj. Me tok på oss badetøy og hoppa ut i vatnet. Vatnet i Bajkalsjøen har 5-6 grader om sommaren og det seiast at utlendingar klarar å vera i det kalde vatnet i 1,5 minutt i gjennomsnittet. Me syntest ikkje det var so kaldt som der me prøvde tidlegare i dag. Her var det litt varmare sidan me var i ei bukt. Me kunne jo ikkje reisa frå Bajkalsjøen utan å ha bada der 😊 Det var utruleg fint her i denne vetle vikji vår. Me turka resten av kleda våre og lagde oss gulasjsuppe. Me satsa stort på hermetikk i dag. Om kvelden var det høg musikk frå bilane parkert på ei sandstripa i bukta som me såg rett ned på. Det blæs litt og var behageleg å sitja ute.

  

  

  

  

  

Vegetasjon på Olkhon

Det er utruleg fint på Olkhon uansett kor me går. Namnet Olkhon kjem ifrå burjatisk ojchon og betyr ein liten skog, lite skog eller turr. Og det stemmer godt. Landskapet ser ut som ørken, berre sand og støv og det veks nesten ingjenting her. Skog dekker berre ein tredjedel av øya si overflate. Cirka 240 mm nedbør kjem ned kvart år og meir enn 300 dagar i året er solversdagar. Til samanlikning er årlege gjennomsnittsmengder nedbør i Nitra 600 mm og i Bergen 2 511 mm.

Sjølv om øya stort sett er flat, er det også åsar og fjell der. Til dømes det høgste fjellet Zjima er 1 276 moh. og stikk 818 meter over overflata på Bajkalsjøen. Og det finst òg innsjøar på øya. Vatnet i Bajkal er klart og gjønomsiktigt til ei djupna på 65 meter. Det kan drikkast direkte frå innsjøen, men det anbefalast ikkje til innbyggjarane i landsbyane ved Bajkal. Vatnet er nemleg fattig på mineral og dei hadde fått mangel på naudsynte mineral. Folk busett på Olkhon må bruke vatn frå ein brønn, då det ikkje finst noko vatnforsyning eller avløpssystem på øya.