Skip to content

Amur-vegen

  

Vegen frå Tsjita til Khabarovsk er ikkje lenger so dårleg som for nokre år sidan. Statsministeren har alt kontrollert den med ein gul Lada og sa at den var køyrbar. Og det er sant. Veg M58 startar i Tsjita og går 2 165 kilometer heilt til Khabarovsk. Det er ein av dei beste vegane i Russland. Denne vegen kallast også trassa Amur eller Amurtrassa og vart påbegynt i 1978. Dei fyrste 20 åra, fram til 1998, vart 25 % av den planlagde traseen bygd og berre sidan 2002 har dei brukt 10 milliardar rublar (250 mil. euro) kvart år. Endeleg pris klatra opp til 200 milliardar rublar (5 milliardar euro). Vegen går gjønom fire regionar, over 322 bruer og øvre fartsgrense er 100 km/t. Då me reiste frå Norge, var det ingjen som klarde å fortelja oss om vegen var ferdig eller ikkje. I 2010, eitt år før turen vår, var ikkje vegen asfaltert. I verkjelegheita fann me ein nydeleg veg som hadde kosta både mykje tid og pengar og er rettferdig kalla for Århundrets prosjekt. Det har tekje 40 år å byggja vegen fordi det er permafrost, fjell- og myrområder og ikkje minst har det vore mangje useriøse aktørar som prøvde å berika seg på materiale av dårleg kvalitet. Då Putin køyrde der i 2010 sa han at det ikkje var ein motorveg, men ein fylkjesveg. På vegen frå Tsjita til Khabarovsk er det ikkje mykje bebudd, nokre småbyar her og der, men eigentleg berre skog, sletter og tomme vegar. Og bjødn. Alle hadde snakka so mykje om bjødn i skogen på Amur-vegen at me vart usikre på om det var sant. Men me ville ikkje ta sjanse og berre slå opp teltet kor som helst. Etter å ha køyrd mangje kilometer med ingjenting i går kom det ein rasteplass kor me kunne overnatta. Dei fleste overnatta inne i bilane sine på parkeringsplassen, men me fekk plass bak gjerdet ved sida av „hotellet”. I dag stod me opp klokko 5 for å utnytta mest av dagen og for å køyra før det vert skikkjeleg varmt og unngå at motoren vert varm. På parkeringsplassen hadde det samla seg ein fin gjeng med importerte personbilar frå Japan og Korea og lastebilar. Det var faktisk nokon som stoppa ved sido av vegen og slo opp teltet midt i skogen! Me fekk med oss soloppgang, men det var masse skodda. Litt seinare stoppa me for å eta frukost midt på ein stor tom plass slik at me hadde god oversikt dersom bjødnen skulle koma, meinte Geir 😊

  

  

  

  

I dag klarde me rekord: me køyrde 1 156 kilometer på ein dag og det tok oss 13,5 timar 😊 Planen var å koma seg forbi Skovorodino, men elles hadde me ikkje planar om å køyra langt. Der var me alt klokka 11 so det var berre å peisa på. I Skovorodino delar vegen seg. Nordover går den mot Jakutsk og Magadan og austover til Khabarovsk. På ein rasteplass kom me i prat med ein trailersjåfør og han ville hjelpa oss med å gjera rein radiatoren. Han hadde blåsepistol kobla til lufta på bilen og blåste rein radiatoren. Den var innsausa med insekt som stengde for kjøling i tillegg til at han var tett inni. Det kom seg mykje etterpå.

På kartet fann me Belogorsk og trudde det var ein by, men det var ei lita bygd. So me prøvde å finna overnattingsplass ved elva Zeja kor det budde ein del folk. Det var ikkje lett å finna noko passeleg, anten det var for mykje flåge, myr eller noko anna. Me likar å campe i naturen, men klarde ikkje å finna noko i dag. Etter so mangjen timar i bilen hadde me lyst til å stoppa og kvila litt. Ved ein bensinstasjon og kafé gjekk det an å stå gratis. Dei hadde ikkje dusj, men parkeringa var overvaka. Me dusja jo i går tross alt 😊 Inne i kaféen var det diskotek i full gang, men ute høyrde me ikkje noko, berre frosk frå eit vatn. Herifrå var det ikkje so langt til kinesisk grense heller, ca. 70 km. Amurelva er grenso mydlo Kina og Russland.