Skip to content

Korleis ordna me amerikansk forsikring til bilen?

I Russland hadde me grønt kort som er gyldig bilforsikring i heile Europa. USA er ikkje med i dette samarbeidet og me måtte me kjøpa ei eiga forsikring. Det skulle me ordna på staden, men det viste seg å vera vanskelegare enn me trudde. I går var me innom forsikringsselskapet Vern Fonk i Kent, men dei kunne ikkje hjelpa oss sidan me ikkje hadde fast adresse i Washington, og dei anbefalte oss Duane Weber Insurance. Der himla dei berre med augne då me sa at me ville teikna korttidsforsikring. Dei anbefalte oss å ringe Insurance Commissioner´s Office. So me var like langt som før.

  

  

I dag bestemde me oss for å prøva lykken i Seattle. Det er jo tross alt ein stor by so eit forsikringsselskap må jo finnast der. Me tok buss til busstoppet SeaTac Airport (nr. 180 stoppa rett framom campingjen) og derfrå Light Train til Seattle. Til saman brukte me ca. ein time. Me gjekk av på 3rd Ave/Seneca St. og sikta oss mot turistinformasjon Pike Market. Men den gjaldt berre marknaden, so me gjekk til Convention Centre i 7th Ave. Der trefte me på ei snill dame som gav oss adressa til AIG og Progressive, forsikringsselskap som begge jobbar med internasjonale førarkort. Fyrst gjekk me til den som var i nærleiken, men fann ingen på den adressa, so me fortsette til 15th Ave W kor bilforretning AAA hadde kontor/butikk. Frå sentrum gjekk me til fots og det tok oss nesten ein time. Heldigvis kom me over ei bestemt dame som kunne fiksa det meste. Kollegaen hennar gav opp, men ho her superdama skulle ikkje gje seg, ho skulle hjelpa oss. Etter mykje fram og tilbake endra ho VIN-nummeret litt og fekk også lågare pris for oss. For seks månader betalte me 694 dollar (3,8 dollar per dag), begge sjåførar var inkludert og me kunne kansellera avtalen når me ville og få tilbake pengar for perioden me ikkje brukte forsikringa. Og det var ikkje behov for adresse i USA heller.

  

  

  

So godt nøgde tok me buss til sentrum og bestilte middag på Hard Rock Café. Servitøren var heilt avslappa, ho sette seg ned på benken ved sido av Geir og tok imot bestillinga. Påfyll av brus skulle me sjølvsagt få gratis og alt var coolt. Resten av dagjen rusla me i sentrum, observerte bilar og folk framom eit hotell og sette oss på ein kafé på Harbor Steps der ei gruppa japanarar leita etter noko og andre galne folk sprang opp og ned trappa. På kvelden tok me toget tilbake til SeaTac, berre ein halvtimes køyretur, men lengje nok i ei nedkjølt vogn. Der skulle me byta til buss til Kent, men bussen kom aldri. Etter ein stund sjekka me rutetabellen og fann ut at den siste bussen gjekk 19:30. Sidan det var vanskjeleg å stoppa ein taxi, gjekk me til eit hotell i nærleiken og ba dei ringte ein drosje. Det kom ein ung mann frå Eritrea som hadde famelie i Norge og han køyrde oss heilt til „døra“.