Skip to content

Vulkan Mt. St. Helens og Portland

Då Ivana skulle skriva dagbok, spurde ho Geir om kva me hadde gjort i dag. Geir beskreiv dagjen slikt: i dag køyrde me bil, sov og åt. Men so enkelt var det ikkje 😊

I dag skulle me sjå Mt. St. Helens National Volcanic Monument. Fyrst køyrde me til Mt. St. Helens Visitor Centre for å høyra om det var vits i å køyra til Johnston Ridge Observatory for å sjå på krateret i Mt. St. Helens. Sidan dei sa at det var klart vær der oppe (men skodda nede), køyrde me opp. Men skoddo vart tjukkare jo lenger opp me kom, og me såg absolutt ingjenting på toppen, sjå bilete under ☹ Me hadde finare utsikt frå campingjen i går. Inne på senteret viste dei to filmar. Den eine handla om sjølve vulkanutbrotet og den andre om plantar og dyr som overlevde eksplosjonen. Mount St. Helens eksploderte den 18.05.1980. Det var ganske heftige greier, lava spruta i alle retningar og elva Toutle vart fylt med lava og mykje av landskapet vart øydelagd. I 1982 oppretta Ronald Reagan nasjonalt monument (Mount St. Helens National Volcanic Monument) som eit forskings-, utdannings- og rekreasjonssenter.

På vegen ned frå observatoriet var skoddo framleis ganskje tjukk. I nærleiken av Silver Lake der me budde i natt stoppa me på ein restaurant og bestilte oss hamburgarar og sandwich som alle var veldig gode. Me fekk rekning som me skulle finna ut av sjølve og betala det det kosta (utan moms). I Oregon betalar ein ikkje moms i tillegg – i dei andre statane er pris på varene oppført utan moms, so den endelege summen får ein vita fyrst når ein betalar.

  

  

  

  

Derifrå køyrde me sørover og rett før grenso til Oregon finn ein  Vancouver. Det er den same Vancouver kor den russiske flygaren Valerij Tsjkalov landa etter å ha flydd uavbrote frå Moskva via Nordpolen i 1937. Viss deko les bloggen vår nøye, veit deko at me såg ei statue av han i Nizjnij Novgorod 😊 Ved Vancouver ligg Fort Vancouver som ein gong var hovudsetet til ei avdeling til Hudson´s Bay Company, det eldste aksjeselskapet i Canada og Nord-Amerika oppretta i 1670. Fort Vancouver var eit senter for handel med skinn på 1800-talet for eit område som seinare vart kjent som Oregon.

Vancouver ligg på breiddo av elva Columbia og når ein har kryssa ho so er ein i Oregon. Oregon er stat nummer 2 på turen vår. Det er USAs 9. største stat når det gjeld areal og 27. mest folkerike stat med 4,1 millionar innbyggjarar. Landskapet liknar mykje på det i Washington, med kyst i vest, Kaskadefjella i midten og ørken i aust. Hovudstaden i Oregon er Salem (150 000 innbyggjarar) og den største byen er Portland (630 000 innbyggjarar). Frå grenso er det ikkje långt til Portland.

I Portland parkerte me ved sido av den største bokhandelen i heile USA – den var so stor som ein heil blokk. Me gjekk ein liten tur i byen, var innom turistkontoret på Pioneer Square der me henta nokre brosjyrar. På plassen hadde dei skilt med stader og avstander – det var omtrent like langt til Lillehammer som til Khabarovsk (4 400 miles). Khabarovsk er søsterbyen til Portland, kanskje det var derfor den var med på skiltet.

  

  

  

  

So gjekk turen til Cascade Locks, cirka 1 times køyring aust for Portland. Her overnatta me på KOA Kamping som er med i same kjede som den i Kent. Det var eit problem med medlemskortet vårt og det viste seg at dei gjorde ein feil i Kent og ikkje registrerte oss skikkeleg. So no ordna me opp og fekk 10% rabatt. Det var alt mørkt då me kom, so det var ikkje noko anna å gjera enn å leggja seg.