Skip to content

Ein roleg dag i Vernon

No kjem det nokre rolege dagar når me berre ventar og håpar på svar frå ein agent som kan fortolla bilen. Me vil ikkje flytta på oss i tilfelle me får svar og må svara raskt, eventuelt printa og scanna ulike dokument. So me er berre på campingjen, står opp seint og nyter lang frukost. Det er ein eigen knapp for popcorn på amerikanske mikroer så me testar den ut. Når me går ned til vatnet, treffer me ein famelie ender som går fint over fotgjengarovergangjen. Me går i lag til vatnet og endene går forsiktig ut i. Me inspiserar også det næraste bolegområdet og Geir er begeistra over alle dei forskjellige husa, spesielt over kor fint canadiarar klypper sine plenar og har alt på stell. Han meiner også at fleire norske kommunar burde tatt seg ein studietur til Canada for å læra korleis dei skal passa på kommunal eigedom.

  

  

  

  

Dagens nyhende om import av bilen er at Schayer som me hadde kontakta for nokre dagar sidan ikkje hadde kapasitet til å hjelpa oss. I mydlotida kontakta me Vantage Point Services, men dei har ikkje svart. So me ringde til Monique som me hadde fått kontakt til og ho kunne ta seg av våre papir. Hurra 😊 Etter det sjekka me mail heile dagen, men svaret kom fyrst på kvelden. Ho bad oss fylla ut fullmakt som me gjorde. I tillegg fekk me sendt av garde søknad til EPA (Environmental Protection Agency) om å importera bilen. Detta med å finna seg ein agent som fortollar bilen og våre personlege ting hjå det amerikanske tollvesenet er ein veldig kompleks prosess. Me trudde at det som den russiske agenten hadde gjort var nok og at me ikkje måtte gjera noko meir. Men sånn var det ikkje, me måtte sjølve finna ein agent i USA som skulle gjera det same som den russiske agenten, berre i USA.