Skip to content

Gjenforening med bilen vår etter ein månad

I dag vakna me tidleg og gjekk ut for å finna oss frukost. Men det var meir eit industriområde enn ein by og me gav opp like før me hadde kome til eit kjøpesenter, som me seinare fann ut. Det einaste som var ope var ein liten kiosk, ein slags drive-in, og då me kom nærare såg me ei ung dame som berre hadde på seg stringtruse og laga mat. Plutseleg hadde me ikkje so lyst på mat lenger. Geir tok kvelden. Seinare fann me ut at kiosken heitte Bikini Espresso so då var det kanskje ikkje so rart at ho stod der i bikini 😊

  

Tilbake på hotellet bestilte me taxi og sjekka ut. Ein indar køyrde oss der me skulle henta bilen. Me gjekk av ved eit stort lager der ein mann kosta framom bygninga so me snakka med han. Han sa at han ikkje kunne gje oss bilen vår fordi han ikkje visste kven eigaren var og at bilen var hans eigendom no. Litt usikre på kva me skulle seia, fylgde me han inn på kontoret hans. Han hadde fått med seg at bilen hadde norsk skilt og at me kom frå Norge. Han fortalte at han var norsk og kjende til både lutefisk og lefse. Etter å ha sjekka e-post og våre ID-kort kunne me få bilen vår 😊 Ein annan mann var der også og såg ut til å berre gå rundt. Det viste seg at det var han som hadde tekje ut bilen vår frå containeren og han skulle vera med oss ut, fordi batteriet var flatt og han skulle hjelpa oss å starta. Vassilij kom opphavleg frå Dnepropetrovsk i Ukraina og hadde kome til USA me foreldra sine for mangjen år sidan. Faren hans var politisk aktiv i heimlandet og måtte flykta. Me snakka med han i ein god stund og han gav oss masse nyttige tips, til dømes å kjøpa våpen. Han ville ikkje ha køyrd den gamle bilen vår, berre sin nye Mercedes. Vidare fortalte han om at det ikkje var mangjen bensinstasjonar som selde diesel og meinte at vår 90 liters tank ikkje var stor nok.

Her må me seia at me var heldige som fekk bilen so fort. Me syntest nok at det tok evigheit, men det gjorde det ikkje. Dei andre reisande me var i kontakt med måtte venta på bilen sin i fem veker fordi etter at tollvesenet hadde scanna heile bilen, fann dei ut at bilen var sketen og at den måtte vaskast før den kunne sleppast ut på vegen. I tillegg oppdaga dei nokre trehyllar og treverk er det ikkje lov å importera til USA. Alt dette kosta dei ekstra pengar. Me var sånn sett heldige at me fekk bilen same dagjen som den kom til USA. Før me sendte han frå Vladivostok hadde me vaska han skikkjeleg, pakka alle tinga våre sånn at det ikkje var noko laust rundt bilen i containeren, rydda i kassane og samla små ting i større baggar og kassar. Men me òg hadde treverk i bilen, eigentleg heile bakrommet var laga av treverk. Kanskje det at me hadde alt på stell og at me hadde sendt inn bilete på førehand, hjelpte på (me trur dei berre scanna bilen og sleppte han gjennom utan å rota rundt inni bilen) 😊

Vårt fyrste stopp var Shell der me fylde diesel – med motor i gang fordi me var redde for at bilen skulle stoppa. Så flytta me oss til Koa Kamping der me sjekka oss inn for to netter. Det var berre plass på betongen att, rett ved sido av bosspann og ei stor gruppe som feira eit eller anna. I bilen lukta det mygla, so me måtte ta alt ut og vaska. Det regna då me pakka bilen i Vladivostok og det var fuktig i bilen mens han var innelåst i containeren i ein månad. Madrassen måtte luftast og sengetøyet vaskast. Dei hadde store vaskemaskinar på campingjen so me vaska også dyne og puter. Alt frå alle kassar og baggar måtte ut, me vaska, rydda og styrte på til det vart mørkt. Endeleg skulle me sova i vår eigen seng, det var deileg 😊