Skip to content

Noko om Vancouver

I dag var ein avslappande dag. Me sov litt frampå og ordna nokre praktiske ting. Vertinna vår sa at me kunne eta maten deira frå kjøleskåpet (kjøkenet var felles for både gjester og eigarar), men me hadde handla litt og åt vår eigen mat. Det var mykje bevegelse i huset, det kom nye folk heile tida. Me skulle ikkje gjera noko spesielt i dag, berre spasera i byen og eta god mat.

  

  

  

  

Vancouver er den største byen i Britisk Columbia og tredje største by i Canada. I sjølve byen bur det 600 000 innbyggjarar og i storbyregionen Greater Vancouver 2,5 millionar menneskje. Det er verkjeleg ein stor by, ein kan gå i mangjen timar og framleis er ein ikkje ferdig med heile byen. Det er ufatteleg mangjen restaurantar i  byen og det er folk i alle. Det er heile 200 parker  og mangjen moglegheiter å koma seg ut i naturen.

Vancouver ligg i sørvestre hjørne til Britisk Columbia, cirka 38 kilometer frå grenso mydlo Canada og USA. Tusenvis år tilbake kom her indianarstammer Coast Salish people som også bur i dei amerikanske delstatane Washington og Oregon. I perioden 1592-1774 var det spanjolar som utforska dette området, før kaptein George Vancouver kom til landet i 1792. Byen vart offisielt grunnlagd i 1886 etter at den brant ned. Nokre år seinare (1887) kom det fyrste toget til byen på den nye transkanadiske jernbana. I 2010 vart olympiske og paralympiske vinterleikar arrangert i byen (saman med Whistler) og i 2011 feira byen 125-årsjubileum. Vancouver er etter New York og Hollywood tredje største filmproduksjonssenter i Nord-Amerika. Fem år på rad har byen vore kåra til „World´s Most Liveable City”, det vil seia den beste byen i verda å bu i.