Skip to content

Bilen er klar til shipping

I dag vakna me klokka 7 for å gå ned i bilen og rydda sidan me skulle treffa agenten og vise bilen til tollvesenet. Me var framleis usikre på om bilen skulle i containeren i dag, men me rydda den slik at me hadde det meste klart. Vår agent Alexej venta på oss i hamna og tok bilete av bilen og innreiinga. Han hadde anbefalt oss å pakka bilen slik at det ikkje var noko som var laust i containeren. Nokon som hadde shippa bilen hadde for mykje ting rundt bilen, i kassar og laust og det vart det problem av. Me flytta rundt på tinga våre, pakka om baggar og kassar, stolane og bordet heiv me oppi teltet. Han var veldig nøgd med oss og sa at tollarane kom til å vera glade. So var det berre å skriva eit brev og gå til tollvesenet. Han visste kva han dreiv med og når me var ferdig på ein stad, gjekk me til neste byråkrat. Då sa han at „now we go to another boss“. Når alt i hamna var ordna, overtok Silver Wind att. Me kom dit akkurat i lunsjpausen, vart ekspedert ut og gjekk på ein restaurant og åt lunsj. Port Manager i Silver Wind Anton skulle overta frå no av. Me fylgde han til hamna, men kunne ikkje køyra bilen inn i containeren sjølv, det skulle han gjera. Det var ikkje kven som helst som fekk lov å gå i hamneområdet. So no var bilen vår i containeren i hamna og venta på å verta sett på eit skip til Busan i Sør-Korea (6. største hamn i verda etter containervolum) der han vert lasta om på eit anna skip til Seattle i USA. Reisetida skulle vera 3-4 veker og bilen skulle vera framme rundt midten av august. Alt skjedde veldig fort, me hadde kontakta Silver Wind på måndag og bilen var i containeren alt på fredag. Me rakk ikkje å rydda ut av bilen slik me ynskte og heller ikkje vaska den heilt prikkfritt. Dette er visst noko som det amerikanske tollvesenet krevjar (pluss mykje meir), so me får sjå kva me må gjennom når me hentar han i Seattle. Det skulle gå nokre dagar før dei sender bilen frå Vladivostok, men no var han i alle fall i containeren og klar til å shippast. For berre nokre dagar sidan visste me ikkje i det heile om me fekk sendt han og no er han altså på veg. Sidan me ikkje hadde bilen lenger fekk me ikkje sjå plassar me hadde lyst til å sjå utanfor Vladivostok. Men det får berre gå, det viktigaste var å få han over havet slik at turen kunne fortsetja.

So no var me utan bil og måtte ta buss frå hamneområdet til sentrum. Billetten kosta 11 rublar og skal eigentleg betalast til sjåføren når ein går ut gjennom framdøra. Me kjøpte den med ein gong me kom på bussen, for å vera heilt sikre. Me stakk innom Silver Wind for å avtale henting av kontrakten og vognkortet over helgje. Det skjedde så mykje i dag at me var heilt utmatta og sovna tidleg. 

  

  

  

  

  

  

  

Me avsluttar dagen med litt historie. Området der Vladivostok ligg i dag høyrde til Kina før i tida. Russarar kom hit fyrst på 1850-talet då guvernøren til Aust-Sibir Muravjov-Amurskij vitja bukta til Peter den Store i 1859 og kalte den for Det gyldne horns bukt (Zolotoy Rog) fordi den likna på Det gyldne horn i Konstantinopel. Han kom til byen om bord i dampskipet Amerika som Vladivostoks fyrste gate Amerikanskaja vart oppkalla etter, men seinare endra til Svetlanskaja til minne om fregatt Svetlana som me skreiv om hin dagen. I 1862 fekk byen status som frihamn for å auka utanlandshandel og utlendingar byrja å koma hit. Nokre år seinare var 40 % av innbyggjarar i Vladivostok utlendingar. Også gatene hadde utanlandske namn som til dømes Korejskaja (koreansk), Pekinskaja (pekingsk), Kitajskaja (kinesisk). Befolkningstalet auka enormt frå 4 000 innbyggjarar i 1878 til 97 000 i 1916, mens talet i 1922 var 400 000. Tusenvis av motstandarar til bolsjevikane flykta frå vest og busette seg her. I 1922 då bolsjevikane tok kontroll over byen emigrerte dei til utlandet og talet innbyggjarar gjekk kraftig ned til 100 000. I 1920-åra stengde Stalin Fjerne austens statlege universitet som opna att i 1954 då Khrusjtsjov vitja byen. Han var den fyrste leiaren for Russland eller Sovjetunionen som vitja Vladivostok. I 1974 var eit historisk møte mellom Brezjnev og Ford halde i Vladivostok.