Skip to content

Ein dag i Helsinki

Båten kom til Turku kl. 7 lokal tid som er 1 time framfor vår tid (det er veldig greitt at både Norge og Slovakia er i same tidssone). Sjølv om Åbo/Turku skal vera ein fin by, stoppa me ikkje der og køyrde direkte til Helsinki. Me stoppa langs vegen og åt frukost og las finske avisar (me skjønte såpass mykje). Etter to timar med køyring kom me til Helsinki, hovudstaden i Finland. Finland er på storleik med Slovakia og Norge med sine 5,5 millionar innbyggjarar. Helsinki er det finske namnet, på norsk heiter byen Helsingfors. Byen ligg heilt sør i landet ved Finskebukta.

Framme i Helsinki parkerte me ved sida av Stockmann, Nordens største varehus på 50 000 m2 fordelt på 10 etasjar og 15 mill. besøkjande årleg. Lenger bort i gata tok me ein kopp kaffi på Fazer café. Fazer er ein kjent sjokoladeprodusent grunnlagt av Karl Otto Fazer i 1891. Utvalet var enormt og me let oss freista av sjokolademousse med appelsin og eplemarengs med vaniljesaus.

Forsterka rusla me til Domkyrkja som det vart tatt initiativ til på 1800-tallet då Helsinki vart den nye hovudstaden i Finland (den russiske tsaren bestemde i 1812 at hovudstaden skulle flyttast frå Åbo til Helsinki som var nærmare St. Petersburg). Domkyrkja heitte fyrst Nikolai kyrkja og var oppkalla etter tsar Nikolai I. av Russland, men etter 1917 vart namnet endra til Storkyrkan. Den er ei av 10 lutherske kyrkjer i Finland og vart bygd etter modellen til Kazan-katedralen i St. Petersburg.

Vegen gjekk så til Uspenskijkatedralen, også kalla Maria Himmelfart-katedralen. Den er Vest-Europas største ortodokse kyrkje og byens nest mest populære turistattraksjon. Katedralen vart bygd i 1868 i raud teglstein og pynta med 14 forgylte løkkuplar (nokon kallar dei også ildhuer). Namnet til katedralen kjem frå det slaviske ordet uspenie som betyr å sovne inn og refererer til jomfru Marias innsovning. Det er massevis av kyrkjer med dette namnet i Russland så hugs det for framtida.

Foran presidenten sitt slott, opphavleg tsarens residens, var det mange politibilar då det var statsbesøk der. Me var også ein tur innom den gamle marknadshallen Gamla Saluhallen frå 1889. Der var det utroleg mange delikatesser som me diverre ikkje kunne ta med oss. Gjennom Esplanadparken gjekk me tilbake til bilen og køyrde ut av byen for å overnatta på Rastila camping.