Skip to content

Omsk og tommelomsk

Omsk er den nest største byen i Sibir. Den ligg berre 90 km frå grensa mot Kasakhstan og hovudvegen til Omsk går gjennom Kasakhstan. Derfor måtte me vera forsiktige og ikkje hamna der. Også lokale gjorde oss merksame på det. Omsk ligg ved munninga til elvane Om og Irtysj og festning Omsk frå 1716 var det fyrste militærpunktet på Irtysj. Vatnvegar forbinder den med oljefelt i Nord-Sibir og kolgruva i Kasakhstan. Fram til 1990 var byen stengt grunna militærindustri, Black Eagle Tanks vart designa her.

  

  

  

  

  

Omsk har lange forstadar og relativt lite sentrum. Me var i byen i ein dag, gjekk frå parkeringa langs Lenin- og Gagaringata, over Komsomolskij most over elva Om og til Dumaen og fortsette på prospekt Karla Marksa heilt til vi kom til ein park der Nikolaikatedralen står. Det er ei fin lys kyrkje frå 1840 med avbildingar av dei sibirske kosakkane. På gata såg me den kvite Toyota som tuta på oss i går då me lagde mat langs vegen. Dei var franske og var i fylgje med to bilar. Me fann oss ein koseleg café rett ved sido av kyrkjo. Dei hadde fint interiør, moderne meny og utesitjing i ein halvsirkel. Me tinga blini med kjøt og ost og skinke og ein kjempegod caffe latte. Dei hadde faktisk sykkelparkering ute, og pissoar fylt med isklumpar. Derifrå gjekk me forbi Leninstatua til stranda kor folk bada ved elva. I Omsk er det i gjennomsnittet 300 solveresdagar i året. Dei har ein del originale statuer her. På Lubas benk sitt ein nobel dame som lesar Pusjkin. Ut av ein kum stikker opp same mannen som i Bratislava 😊 So handla me mat og flytta oss vidare.

  

  

  

  

  

Vennskapsbyen til Omsk er den slovakiske byen Púchov. Det seiast at også den tsjekkiske forfattaren Jaroslav Hašek var i Omsk i 1918. Han var der saman med dei tsjekkoslovakiske brigadistane som passa på gullreservane til tsarfamelien og hjelpte dei Kvite (monarkistane) leia av admiral Koltsjak som kjempa mot dei Raude (bolsjevikane) og som erklærte ei midlertidig regjering i Omsk. Før byen vart tatt av bolsjevikane i 1919, vart brigadistane ført til heimlandet av den slovakiske generalen M. R. Štefánik (den største slovaken i historia, ifylgje mange).