Skip to content

Sjøløver

I dag tidleg var det iskaldt og sole kom ikkje gjøno dei tjukke treapå campingjen. So me berre åt frukost og køyrde sørover. Kystlinjo i Oregon er 643 km lang og heile vestkysten til USA ca. 2 500 km lang.

  

  

  

  

Fyrst stoppa me i Newport der dei har Nye Beach og Bjørnsonsgate, men ikkje noko meir. Neste stopp var Cape Perpetua, det høgaste punktet på Oregons kyst. Me køyrde langt opp og hadde fin utsikt, me såg også attraksjonen Devil´s Churn. Etterpå ville me stoppa ved fyret Heceta Head Lighthouse frå 1893, men det var stengd. I staden for stoppa me på Sea Lion Caves, Amerikas største sjøgrotte med sjøløver, kor me tok heis 63 meter ned og såg på sjøløvene. Det var visst uvanleg at dei var nede i grotto på denne tida. Me veit ikkje kor tid dei plar å vera der, men det var i alle fall eit godt tricks for å lokka turistar. Sea Lion Caves er eit system av havgrotter ved Stillehavet. Sjølv om sjøgrotto ligg i Oregon, den vanlegaste av sjøløveartane er kaliforniasjøløve. Sjøløver er marine pattedyr, ei gruppe øyreselar som har ytre øyrer, kort tjukt hår og kan gå på alle fire. Dei er middels store, kan vega opp til 280 kg og bur i grupper på 30-50 dyr.

  

  

Rett etter Florence åt me på Bliss´ Hote Rod Grill der me sat i ein bil frå 50-talet og heile huset frå utsido var dekorert med ekte bilar delt i to. Me fekk ein sværa hamburger, stor rekesalat og karbonade med potetmos. Svoltne var me i alle fall ikkje etter dette 😊

Etter å hahandla havna me på Sunset Bay S.P. kor me overnatta. Me fekk velja vår teltplass, kjøpte ved, gjekk ned på stranda og bada litt. Det var ein sein middag. Me grilla fisk og grønsaker, men det vart veldig fort kaldt og me måtte ta på oss ullunderty (fyrste gongjen sidan St. Petersburg i mai).