Skip to content

Jasper og ammolitt

Mens me åt frukost gjekk det hjortar utføre bubilen vår. No har det gått 6 dagar utan straum, og sidan me måtte lada det meste, køyrde me på ein campingplass på føremiddagen og spurde om dei hadde ledig ein plass me straum. Det hadde dei, so me bestilte 2 netter. Campingjen var på ein betongplass, so ikkje so fint som i skogen, men greitt nok.

  

  

  

På ettermiddagen køyrde me til Town of Jasper og parkerte på ein RV-parkeringsplass. Jasper likna mykje på Banff, men hadde ikkje så mangjen turistar som var greitt for oss. Me tok oss ein kopp kaffi og sticky bun (varm skillingsbolle) og gjekk ein tur for å sjå korleis byen såg ut. Me kikka i nokre butikkar og såg på ammolitt, eit smykke laga av stein som liknar på opal. Den er ein av dei mest verdifulle edelsteinane fordi den berre finst i Canada. Betre sagt, ammolitt finst fleire plassar, men den som er 70 millionar år gamal finst berre i Sør-Alberta. Berre 5 % av steinar passar til vidare bearbeiding. I 2004 vart ammolitt den offisielle edelsteinen til Alberta. Kvar ammolittstein er unik i farge, mønster og klarheit. Steinane med minst fargar er mest utbreidd (og billigast), mens steinar med fleire fargar er meir verdifulle. Dei sjeldnaste har tre eller fleire fargar (blå, grøn, raud og gul). Kommersiell utvinning byrja i 1981 og reservane ser ut til å vera vekke om 20 år. Gruva Korite Ammolite Mine i Alberta er den største kommersielle gruva i verda.

  

  

  

  

Nokre trafikklys i USA og Canada er forvirrande. Folk køyrer til høgre på eit kryss sjølv om det er raudt lys. Når lyset blinkar grønt køyrar bilar framleis – me er vane med at det er eit teikn på at det snart kjem raudt lys og ein burde stoppa. For fotgjengarar blinkar det eit raudt lys (det kjem opp ei hand og tal sekundar att til det er grønt) – i Russland var same tal grøne, heilt motsett.

I dag fylde me bensin. Dei ville ikkje ha betaling på førehand sjølv om det frå 2011 gjeld ein ny lov i Britisk Columbia om at ein skal betala på førehand. Men når me tenkjer oss om så er me jo framleis i Alberta og ikkje i B.C. No har me fylt bensin nokre gongjer. Pris per liter bensin var frå 1,19 til 1,33 dollar (6,78-7,58 kroner). Bilen slukte bensin, den hadde forbruk på 3 liter per mil. Kjøleskap gjekk på gass og måtte slåast av når me skulle fylla på drivstoff på grunn av eksplosjonsfaren ved tenningssystemet for gassen. Oppvarming av bilen og vatnvarmaren gjekk på drivstoff då me ikkje hadde „landstraum“ og me måtte fylle det oftare.