Skip to content

Tunkinskij nasjonalpark

Me vakna ikkje so langt frå Arsjan, ein liten fjellandsby og populær stad blant russarar. Arsjan betyr kjelde på burjatisk og det er nett dette den er kjend for, varme kjelder og spa. Det er òg eit sanatorium her og folk kjem hit for å pusta frisk luft og henta vatn frå elva som visst har helbredande verknad. Me gjekk ein tur til den fyrste av 12 fossar langs elva Kyngyrga. På vegen kjøpte me ei tom flaske og me tappa også dette vidunderlege vatnet 😊 Arsjan er ein turistplass og i tillegg til spa veldig populær for kajakkpadling, klatring og turgåing. Dei sel suvenirar overalt. Det er mangjen cafèar og restaurantar so det var ikkje noko problem å finna noko å eta. Me åt på ein enkel restaurant, nesten ei kantine, og fekk pozy (mongolske pelmeni) og tsjebureki (lefse fylt med kjøt og ost, denne gongjen også med kvitlauk).

  

  

  

  

  

  

  

  

Arsjan ligg i Tunkadalen, også kalla for „dalen av 100 kjelder“. Dalen strekkjer seg 200 km frå Bajkalsjøen til Mongolia og ligg mydlo Sajanfjellene i nord og fjellkjedo Khamar-Daban i sør. Sajanfjella er ein del av systemet som strekkjer seg frå Altajfjella i vest til Okhotskhavet i aust. Fjelltoppane her er mydlo 2 000 og 3 000 meter høge, og dei minner om Tatrafjella i Slovakia. Elva Jenisej, som me såg i Krasnojarsk, har sitt utspring nett i Sajanfjella. Gjennom Tunka-dalen renn elva Irkut. Dalen er heimen til asiatiske ville hundar, snøleopardar, bjørn og bever.

  

  

  

  

  

  

  

  

Frå denne vakre dalen køyrde me til den sørlege delen av Bajkalsjøen. Vegen såg annleis ut enn me hadde trudd, det var mykje opp og ned, skog på begge sider av vegen og me hadde ikkje utsikt mot Bajkalsjøen. Det er veldig stor skilnad mydlo denna sido av Bajkalsjøen og vestsido kor Olkhon er. Her er alt grønt og veks godt, mens på Olkhon er alt turt og det veks ingjenting på store delar av øya. Me hadde alt parkert for natta, men so ombestemde me oss og køyrde litt til. Fyrst køyrde me til Novosnezjnaja, ei lita koseleg bygd med elva Snezjnaja som renn ut i Bajkalsjøen. Ei dame med geit vinka til oss. So køyrde me til Tankhoj der me parkerte på breiddo til Bajkalsjøen. Det var utruleg fint der, og det var også andre campera. Det går ganskje mangje tog rett forbi, men meir om det i morgon.