Skip to content

Sea to Sky Highway til Whistler

Dagjen gjekk stort sett i køyring. Me la bak oss 500 kilometer som tok oss 8 timar. Me køyrde på små kronglete vegar gjønom skog og små plassar. På ein slek plass stoppa me på ein marknad og kjøpte lokalprodusert syltetøy og anna mat.

Seinare kom me oss på Highway 99 som har fått namnet sitt frå den amerikanske Route 99 som den møter på grenso til USA. Sør for Vancouver heiter vegen Fraser Delta Thruway og nord for Vancouver heiter den Sea to Sky Highway eller Whistler Highway. Avisa The Guardian laga ei liste over verdas beste bilturar i 2006 og Sea to Sky Highway kom på 5. plass. Den nordlege vegen går frå West Vancouver til Whistler, men vart forlengja forbi Whistler til Lillooet. Der kryssar den veg 97 som me kom køyrande på og kopla oss på Sea to Sky Highway til Whistler som tok cirka 4 timar. Når ein fylgjer vegen frå Vancouver, kjem ein frå havet (sea) og opp til himmelen (sky), men me køyrde i motsett retning. I Whistler var dei fleste campingplassar fudle.  Me fann ein til slutt. Den låg på ei høgd med fin utsikt. I resepsjonen vart me møtt av ein tsjekkar. Wi-fi virka ikkje, som alltid.

  

  

  

  

Whistler er ein by med ca. 11 000 innbyggjarar som ligg 125 kilometer nordaust for Vancouver. Det er ein av dei største stader for vintersport i Canada og har lengje vore kåra til ein av topp skidestinasjonar i Canada. Det er spesielt slalom og snowboard som er populære om vinteren og terrengsykling om sommaren i skisenteret Whistler Blackcomb. Byen vert besøkt av to millionar  årleg.

I 2010, eitt år før turen vår, var Whistler saman med Vancouver vertar til dei olympiske og paralympiske vinterleikane. I Whistler føregjekk konkurransar i alpin, nordisk, aking og alle paralympiske konkurransar. Slovakia vart i OL representert av 73 idrettsutøvarar som var det høgaste talet sidan Slovakias uavhengigheit i 1993. Desse vinterleikane var også dei mest vellykka for Slovakia. Skiskyttarane Anastasia Kuzmina vann både gull (7,5 km) og sølv (10 km) og Pavol Hurajt vann bronse i 15 km distanse. For Norge deltok 99 sportsutøvarar som til saman vann 9 gull-, 8 sylv- og 6 bronsemedaljar. Marit Bjørgen vart OL-dronning ved å ta 5 medaljar (3 gull, 1 sylv og 1 bronse).  Etter OL vart OL-bygda  forvandla til eit bolegområde og den bilfrie bygda har vunne fleire designprisar for arkitektur.