Skip to content

USAs lengste elv og sukkerrøyr

Mississippi er den lengste elva i USA, 3 766 kilometer lang. Saman med sideelva Missouri er den 5 971 kilometer lang og fjerde største elv i verda. Elva renn frå nord til sør og delar landet i aust og vest. Den renn gjennom 31 statar og to kanadiske provinsar, og munnar ut ved Mexicogolfen i ein stor delta på 36 000 km2. Ein tredjedel av Louisiana ligg lågare enn elva Mississippi, graver på gravplassar er lagt over bakkjen og staten bruker store summar på vatnpumpesystem og dike.

Me kryssa elva Mississippi over brua Sunshine Bridge som er oppkalla etter Louisianas guvernør Jimmie Davis. Han vart kjend for songjen „You Are My Sunshine“ som seinare vart utpekt som statens offisielle song.

Louisiana er storprodusent av sukkerrøyr som ein kan sjå overalt når ein køyrer langs Mississippi. Sukkerrøyr er høgt grønt gras som veks i buntar og det var haustesesong akkurat då me var der. Hus me køyrte forbi var veldig fint stelte, plenen var klipt og dei som budde der var sikkert ikkje fattige.

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

Me var på veg til den vetle plassen Vacherie der sukkerrøyrplantasjen Laura ligg. I Louisiana, som i dei andre statane i Konføderasjonen, var det mangjen sukkerrøyrplantasjar der slavar jobba. I dag er dei enten forfalle, rivne, bygd om til private hus eller bevart som musear. Den gamle kreolske plantasjen Laura er i dag eit museum som tilbyr omvisingar. Me valde den fordi Lonely Planet hadde kåra den til den beste historiske omvising i USA. Vår guide hadde lyst til å fortelja oss so mykje at ho snakka både på inn- og utpust og gjespa gjøno heile omvisinga. Men ho var veldig flink.

Kreol er etterkommar av europeiske innvandrarar, stort sett spanjolar, franskmenn og portugisarar, i Central- og Sør-Amerika. Deira språk, kultur, musikk og mat er ei blanding av fleire kulturar. Kreolar var vane med å gjera business heima og flytta handelsaktivitetar til eit kontor fyrst etter 20 år med press frå amerikanarar. Hovudhuset på plantasjen vart bygd i 1805 av Duparc-famelien som budde der i 200 år. Dei etterlet 12 historiske bygningar og ein fransk hage.

På 1860-talet vart det bygd 69 slavehytter og ei hytte skulle vera for to famelier. Dei føretrakk heile fameliar, då faren for at dei ville rømja var mindre. Seinare vart slavane byta ut med maskinar for å bearbeida sukkerrøyr, og ei maskin gjorde same jobben som 500 slavar tidlegare. Laura, som plantasjen er oppkalla etter, var 14 år då ho forlét heimen for å gå på ein internatskule og 17 då ho overtok plantasjen frå foreldra sine. Ho måtte selje den etter kvart, men skreiv sine memoarar i ei bok på 5 000 sider som er kjernen til omvisingane på museet i dag.