Skip to content

Må me vaksinere oss?

Kva må ein vaksinera seg mot i dei landa me skal reisa til? Me hadde planar om å besøkja Russland, Mongolia, Kina og USA. Det var størst behov for vaksinar i Asia.

 

For reisa til Russland anbefalast det vaksinar mot hepatitt A og B, difteri, tetanus og tyfoidfeber. I Mongolia er det meningokokkvaksine (mot hjernehinnebetennelse). Sidan me hadde planar om å campe i Det fjerne Austen, vart me anbefala vaksine mot japansk encefalitt (skogflått encefalitt) som ein kan få ved å verta beten av ein infisert mygg i delar av Asia og det vestlege Stillehavet frå mai til september. Dei anbefaler også malariavaksine på turar til Kina, men den tok me ikkje. Me fekk også ein coleravaksine og for sikkerheitsskuld også influensavaksine- og mot lungebetendelse.

 

Vaksinasjonen føregjekk i 4 månader og me fekk fylt på med fleire dosar. Vaksinar kosta oss ca. 5000 norske kronar.