Skip to content

Louisiana

Campingjen i natt var ikkje nokon koseleg stad, rett etter frukosten reiste me vidare. I dag sat me i bilen i 5,5 timar og kom oss nesten 500 km vidare i livet. I den vetle byen Scott rett før den litt større byen Lafayette overnatta me på camping. Me fekk plass med tak over teltet. Det hjelpte ikkje oss, men dei som har eit vanleg telt set sikkert pris på det. På campingjen klipte dei graset rett før me kom, so me både naus av det og tok det med oss inni teltet. Det var enormt med mygg, og det var også veldig varmt. Plassen vår låg ved sido av eit vatn, i dag òg.

No er me altså kome til ein ny delstat, Louisiana. I kvar delstat har dei eit besøkssenter på grenso slik at dei kan informera besøkjande om kva dei kan sjå og gjera der. Det er ein god idé, fordi me hadde ikkje planlagt turen til USA på førehand, so det passa oss fint å få litt info frå dei innfødde. På sleke Visitor Centre har dei som oftast gratis kaffi, men elles i rommet er det kaldt som i ein frys.

Louisiana har omtrent lika mangjen innbyggjarar som Norge hadde då me reiste der i 2011, det vil sei cirka 4,6 millionar (i dag har Norge nesten 5,4 mil. innbyggjarar). Louisiana grensar mot Texas i vest, der me nett kom i frå, mot Arkansas i nord, Mississippi i aust og Mexicogolfen i sør. Den har den lengste kysten av alle delstatar, 24 000 kilometer, og 41 % av alle myrområder i USA.

Louisiana var ein gong so stort at det grensa mot Canada i nord. Den høyrde fyrst til Frankrike, so Spania og til slutt vart den amerikansk. I 1803 selde Frankrike eit enormt stort område til Dei forente statar og i 1812 vart Louisiana ein del av USA. Namnet til delstaten kjem frå tida då den var fransk og er oppkalla etter den franske kongjen Ludvig XIV. Louisiana, som den einaste delstaten i USA, er administrativt delt inn i meinigheiter (parishes), ikkje fylkjer (counties), grunna sin katolske tradisjon. New Orleans er delstatens største by og Baton Rouge er hovudstad med USAs høgaste capitol, sete for guvernøren og kongressen. Den er 137 meter høg, har 34 etasjar og er bygd under Den store depresjonen i 1929.

  

  

  

Amerikanske bilar

Bilkøyring er grunnlaget til den amerikanske livsstilen („the American way of life“). Kvar familie har ein bil, dei fleste har to: den eine til kona og den andre til mannen. Den andre er som oftast ein stor pick-up som ein må klatra i ein stige for å koma opp på planet og som brukar mykje drivstoff (dei fleste bensin). Mens bilen vår brukar 1 l på 10 km, so bruker ein slik pick-up 2,7 l per 10 km. Og forbruket går opp når dei drar dei store bubilane bak seg. Ein av seks amerikanarar har ingjenting å eta. Korleis har dei då råd til å finansiera sine bilar? Bensin er relativt billig, det er sant, den kostar omtrent like mykje som i Russland: 1 dollar per liter, altså 5 norske kroner eller 1 euro. USA har ikkje satsa på kollektivtransport og grunnen er dei store avstandane i landet. Dei har heller bygd vegar og dei er det nok av i landet: 6,5 millionar kilometer! I USA er det registrert 150 millionar biler, noko som utgjer 15% av verdas bilpark. Og når det gjeld luftforureining så har dei ingjenting å skryte av. Det er nok å nevna dei store pick-upane og bubilane og den store mengda av bilar på vegane. I USA sel dei bilar med store motorar, i USA er jo alt stort. Personbilar med 5,7 liters motor er nesten ikkje tillete i Norge og viss dei er det, så betalar ein godt for dei. Slike bilar er vanleg i nesten kvar amerikansk hushaldning. For eksempel bilen til Vassilij som me vart kjend med (Mercedes S 550 AMG), altså bortsett frå at den er skotsikker og har ein radar som eigentleg køyrer for han (og han kan fakturera eller lesa aviser), kostar 100 000 dollar (600 000 NOK eller 70 000 euro) i Amerika mens den i Norge kostar 2,5 millionar norske kroner (300 000 dollar eller 210 000 euro). Verre er at ein av sju amerikanarar ikkje har bilforsikring. For amerikanarar kostar forsikringa 1 dollar per dag, relativt billig. Me har skaffa oss ein forsikring for 3 dollar per dag, relativt lite for å vera utlendingar og kort tid i landet. I USA har nesten ingen forsikringsselskap lyst til å forsikra utanlandske biler, men me kom over ei flink dame som måtte endre litt på VIN (chassis nummer), og då gjekk det bra 😊

Dei fleste lastebilar/trailarar langs vegen er snutebilar. Mange vel fortsatt dei gamle karosseria der hytta er smal og intim og med ein breiare boligdel bak. Bilane har all ny teknologi men ser „gamle ut“. Den gullfarga Peterbilt merkt med TMC, sjå bilete, tilhøyrde eit ektepar som bytta på å køyra. Dei såg Geir gjekk rundt og fotograferte bilen og inviterte han inn for å sjå. Alt var på stell 😊