Skip to content

Bilreparasjon

 

I dag var programmet ikkje so stramt. Fyrst og fremst måtte me finna ein bilverkstad. Frå campingjen køyrde me i 1,5 time til Kanab. Der fann me ein lastebilverkstad med det originale navnet Little´s Diesel & Livestock. Mekanikaren forstod med ein gong kvifor det kom svart røyk ved akselerasjon. Han skifta ei knekt fjør i vacumstyringa på dieselpumpo og tok også oljeskift med olje/luftfilterskift. Me fekk ikkje lov å koma inn, ikkje Geir ein gong. Etter 3 timar med skiftande sitje- og ståstillingar både inne og ute og kos med hunden på verkstaden var me klare til å køyra vidare. Me kom ikkje so langt, fordi etter ein halv dag måtte me få mat i oss. Dei hadde ein lokal restaurant i Kanab og me angra ikkje valgjet, fordi dei laga veldig gode burgarar. Derifrå var det heller ikkje långt til neste stopp som var camping i Glendale. Me fekk dusja, sjekka e-post, betalt rekningar og limt bokstavar Seattle-New York på framsido av takteltet. Jada, me må ha også rolege dagar. Og når det er noko gale med bilen so kan me ikkje gjera noko uansett, må berre få det fiksa.

  

  

  

  

Me har lyst til å skriva litt om drivstoffprisar og fyllestasjonar. I byrjinga må me nok konstatera at USA ikkje er komne mykje lenger enn Russland, i USA må ein betala på bensinstasjonar på førehand, slik det var i Russland. Av og til var det endå vanskelegare enn i Russland. Ein gong ville dei ikkje opna pumpo fordi dei mente at slike Toyotaer som vår ikkje går på diesel! Det kan nok stemma, fordi Toyota Land Cruiser frå 1985 med dieselmotor vart ikkje importert til USA. Ei dame som skulle fylla på tanken trudde heller ikkje bilen gjekk på diesel sjølv om Geir viste ho dieselmerket som er planta i grillen. Ho gjekk inn på verkstaden og kom ut med ein mekanikar før ho kunne fylla opp tanken. Ho var sikkert redd for søksmål. Mångjen sa til oss at det var fyrste gong dei såg ein slik bil med dieselmotor og nokon var i ekstase då dei fekk sett under panseret 😊

So kva kosta diesel i USA? No er det nok nokre år sidan me var der, men me kan samanlikna det med Russland, Norge og Slovakia. Men fyrst må me forklara dette med gallon og liter. Når det gjeld måleeinheiter, har amerikanarar ingjenting å skryta av. Målesystemet deira er utruleg komplisert. Ok, dei har andre mål enn oss, so det er komplisert for oss som er vane med noko anna, kan nokon tenkje. Deira system burde vera meir konsekvent og samankøyrt. Dei brukar til dømes gallon på melkjekartongar, mens næringsverdi på same kartong er oppgitt i milligram eller milliliter. I tillegg er den ikkje oppført per 100 ml, berre per porsjon. Hjå oss oppgis begge verdiar. Og so er det jo forskjell på den amerikanske og britiske gallon! Ein britisk og canadisk gallon er 4,54 liter og ein amerikansk gallon er 3,785 liter. Det var jysla irriterande å handla på butikkar, men etter kvart lærte me at ein gallon mjelk er ca. 4 liter. Me kunne uansett ikkje kjøpa so store flaskar, fordi me ikkje hadde plass i kjøleskåpet 😊 I tillegg til flytande gallon finst også gallon for turrstoff og den er lik 4,404 liter. Haha. So er det miles og kilometer. Det er ikkje so vanskjeleg å rekna ut det heller: ein mile er 1,61 km. I tillegg underhaldar me oss med å rekna om kilometer med våre store hjul til normale kilometer 😊 Dei har ikkje gjord det enklare med unser (ounce). I tillegg til den „normale“ unsen som er 28,349 gram har dei også flytande unse (FL OZ) og denne er forskjellig frå den britiske (1 amerikansk FL OZ er 0,02957 liter, mens den britiske er 0,0284 liter). 

Jaja, tilbake til dieselprisar 😊 Når me no veit at 1 gallon er cirka 4 liter, kan me avsløra at 1 liter diesel kosta cirka 1 dollar. I 2011 var 1 dollar 5,5 norske kroner (0,70 euro) so diesel var veldig billig i USA. Me betalte omtrent like mykje for literen i Russland. Til samanlikning, for 10 år sidan kosta diesel 13,94 kroner i Norge og 1,2 euro i Slovakia. Me hadde litt høgare forbruk i USA enn i Russland, fordi i USA er det gode motorvegar der ein kan køyra fort. Me merka at me brukte mykje meir diesel når me køyrde over 100 km/t so stort sett køyrde me i 80 km/t og koste oss på vegen 😊 I Russland låg snittforbruket på 0,9 liter pr mil. I USA ca. 1 liter per mil. Bilen var på turen 26 år gamal og køyrd over 400 000 km. Motoren er 6 sylindra 4 liters volum og den gamle type dieselpumpe. Vekta på bilen var ca. 2 800 kg. Du skal vera flink viss du køyrer på under literen med ein ny Landcruisar utan last i dag 😊