Skip to content

Seiersdagen

 

Seiersdagen er ein veldig viktig dag i Russland. Berre påska, den viktigaste religiøse høgtida i Russland, kan måla seg med størrelsen. Det er feiringar over heile landet og spektakulære militærparader i dei største byane, som det har vore øvd til i fleire dagar på førehand. Det er kransnedleggingar og militærmusikkgrupper som spelar rundt omkring i byen. Folk tar på seg finstas og går ut i gatene for å heidra minnet om dei millionar av russarar som kjempa i andre verdskrig. I gatene kan ein sjå gamle veteranar, men også folk med bilete av sine forfedrar som kjempa ved fronten. Gatene er fulle av feirande folk frå morgon til kveld. Folk er verkeleg stolte over at Russland van den store patriotiske krigen og det er utruleg mange monument med skrift 1941-1945 overalt i landet. Det er ei fantastisk oppleving og dersom deko nokon gang får høve til å vera i Russland den 9. mai, må deko ikkje gå glipp av denne sjansen.

  

  

  

So kva skjedde eigentleg den 9. mai og korfor feirar russarane slutten av andre verdskrig ein annan dag enn resten av Europa? Seiersdagen er feiring av sigeren over fasismen. Nazi-Tyskland kapitulerte etter at russarane invaderte Berlin. Denne overgjevinga vart signert rett før midnatt 8. mai 1945, men i Moskva var det alt ein ny dag, den 9. mai. Detta er altså forklaringa på korfor slutten av 2. verdskrig feirast på forskjellige dagar i Europa og i Russland. Seiersdagen vart innført som offentleg høgtidsdag i Sovjetunionen i 1965 og vart feira i alle land i tidlegare austblokka fram til 1990.

Sovjetunion vart med i krigen etter Tysklands invasjon i juni 1941. Det avgjerande vendepunktet i andre verdskrig var Slaget om Stalingrad i 1942-1943 som me skal skrive litt om frå Volgograd. Sovjetunionen åleina mista rundt 27 millionar menneskje eller 13% av befolkninga under krigen.

  

  

  

På Nevskij prospekt var det sikkert 2 mill. folk i dag. Me var overvelda av folkemassen på veg ut av metroen og på gata. Russarane var godt rigga for store folkemengder og omorganiserte også metroutgangar for god flyt. Det var sett opp tre oppovergåande rulletrapper og færre nedgåande. I dag tidleg hadde me litt problem med vårt 5-dagerskort som viste seg å ha slutta å virka. Ivana kom gjennom, men Geir måtte kjøpe nokon pollettar (éi reise kostar 25 R, ca. 5 kroner).

Det stoppa heilt opp i enden av Nevskij prospekt og me kom oss ikkje til Vinterpalasset. Der hadde me lyst til å sjå militærparaden på den store plassen framom Vinterpalasset, men me hadde ikkje sjans å koma bort der forbi folkemengda. Me trøysta oss med at me hadde sett generalprøven nokre dagar før 🙂 Istadenfor inntok me frukost på ein fastfoodkjede med „moderne russisk mat“ og bestilte blini (pannekaker) med ost og skinke.

For å ikkje skilja oss ut frå folkemengda kjøpte me eit russisk flagg og eit sovjetisk flagg med sigd og hammar; me festa disse til sekken og bar dei heile dagen. Me trudde alle butikkane var stengt på ein offentleg fridag, men det var dei ikkje, alt var ope. Det gjekk ikkje mange minuttar etter at paraden var over før politibilar byrja å jage folk ut av vegen slik at bilane kunne køyra igjen. Alt var plutseleg på nokon få minuttar som før. Russarane er veldig effektive 🙂  Veret var fint og mykje folk i byen resten av dagen.

  

  

  

Etter at byen vart „rydda“ og folk spreidd, tok me oss ein roleg spasertur langs Gribojedov-kanal. Me stoppa på Sadovaja plass som er ein stor plass med masse caféar, bistroar og uterestaurantar. Sidan veret var så fint, sette me oss på ein uteplass og bestilte pils og kaviarchips og solte oss litt. Veret har betra seg så mykje dei siste dagane at me måtte byta stilongs, hue og hanskar med t-skjorta og solbriller.

  

  

  

Herifrå rusla me vidare langs kanalen heilt til me kom til Nikolai-katedralen, ei fin blå kyrkje kor det føregjekk fleire barnedåpar. Kyrkja er via til Sankt Nikolai, skytshelgen for sjømenn, og har alltid vore nær knytt til den russiske marinen. Gjennom Treeinigheitsmarknaden (Troitskij rynok), ein stor marknad med alt mogeleg løye, kom me til Treeinigheitskatedralen. Dette er ei vakker kyrkje med blå kuplar og gullstjerner og plass til 3000 besøkjande. Kyrkja vart plyndra under Den russiske revolusjon og opna igjen etter omfattande restaurering i 2010. Katedralen kom på UNESCOs verdsarvliste i 1990. I ei ortodoks kyrkje er det forbode for menn å ha hatt på hovudet og kvinner må dekka til håret.

  

  

  

  

Me sette oss på ein benk i ein park og observerte folk i ca. éin time og konkluderte med at russarane er heilt „alminnelege“ menneskje som oss 😊 Etter kvart flytta me oss til elva kor me skulle fylgja med på fyrverkeri frå festninga klokka 22. Me var på plass allereie før klokka 21 og det vart kaldare og meir og meir folk som pressa seg fram for å få utsikt. Mange båtar hadde samla seg på elva. Det vart skote frå kanonar og stort offentleg fyrverkeri. I gatene var det enno mykje folk, heile Nevskij prospekt var igjen ei gågate, som i dag tidleg. Kvelden avslutta me med kaffi og sjampanje. Men då me kom ned til metroen fekk me beskjed om at den var stengt (seint på kveld 😊) og me måtte ta taxi. Det var fyrst då me tenkte over kor langt frå sentrum hotellet låg. Turen kosta oss 1000 rublar (til samanlikning: billett til metro for to personar kostar 25 rublar).