Skip to content

Korleis me skaffa oss visum

So snart me bestemde ruta, byrja me å finne ut av formalitetane rundt visum. Me søkte etter informasjon dobbelt: for slovakiske og norske statsborgarar. Me trengde visum til Russland og USA, men ikkje til Canada (slovakar kan vera i Canada i 6 månader utan løyve, nordmenn 3) og mongolske visum gjekk an å fiksa på grensa. Amerikanarane tilbaud ei forenkla versjon av visum, den sokalla Waiver Program (EFTA) for 90 dagar i løpet av 1 år. Me søkte om visum på nettet og fekk det raskt, men det er tollbetjentar på grensa til USA som bestemmer om me skal sleppa inn. For nokon er det ein formalitet, for oss ikkje heilt (fylg oss vidare og les om korleis det gjekk på grensa mellom Canada og USA).

 

Visum til Amerika er i boks, no er det Russland sin tur. Frå ymse kjelder fekk me vita at ein slik ekspedisjon som me planlegg er praktisk talt umogleg å gjennomføre. Likevel gav me oss ikkje og sette i gang med å finne ut korleis det faktisk fungerte med visum til Russland.

 

Turistvisum er berre gyldig i 30 dagar og overnatting for kvar natt må vera tinga på førehand. Me yngste sjølvsagt å ha meir fridom og vera i Russland i meir enn 30 dagar, då vi ikkje ville planleggja ruta i detalj på førehand. Dette kunne ein oppnå anten ved å få ei privat invitasjon frå kjende eller med businessvisum. Reglar for businessvisum var ikkje heilt tydelege og me fekk beskjed om at dersom dei stoppa oss måtte me forklara kva slags business me dreiv med i Russland. Eit anna visumbyrå fortalde oss at forretningsvisum ikkje var mogleg å få i det heile tatt for ein slik tur.

Den russiske ambassaden i Norge mottar visumsøknader 45 dagar før avreise. Vel, for å væra heilt ærleg, ei stund var me bekymra for at me ikkje skulle få visum. Alt var planlagt, me hadde sagt opp jobb og husvære, kjøpt og heldt på å byggja om bilen, me dreiv på med vaksinar, forsikring og mange andre ting.

Så 45 dagar før avreise sendte me våre søknader til eit visumbyrå som skulle både ordne ein invitasjon frå Russland og fiksa visum på ambassaden. Saman med søknaden måtte me leggja ved i tillegg til pass og bilete også reiseforsikring og stadfesting på bustad frå folkeregisteret. Etter cirka 10 dagar fekk me businessvisum for 3 månadar (90 dagar) og 2 innreiser og det kosta oss 2075 kroner per person, som då var omtrent 266 euro (1 euro var då 7,79 norske kroner, i dag er det rundt 10 kroner).

 

10 år etter ekspedisjonen vår går det visst an å reise til Russland med elektroniske visum – me kunne ikkje drøyma ein gong om noko slikt på den tida. I 2011 måtte me i tillegg registrera oss regelmessig anten hjå politiet eller på hotell for å få bevis på kor me budde. Alle utlendingar må registrere seg ved framkomst til landet eller seinast 3 dagar etter framkomst, og så kvar gong ein er på ein stad i meir enn syv dagar. Kort tid før vår avreise vart desse reglane endra (nøyaktig 11. mars) og i staden for å måtta registrera seg kvar 3. dag etter gamle reglar var det nok å registrere seg kvar 7. dag. Russarane mjuknar tydelegvis opp desse reglane. På grensa får alle utlendingar migrasjonskort, del A blir igjen på grensa og del B må leverast når ein reiser frå landet. Del B gjeld samtidig for registrering.

Søknad om russisk visum

Registreringsskjema side 1

Registreringsskjema side 2

 

Søknad om amerikansk visum online

Godkjent søknad