Skip to content

Nevada, Arizona og Utah på ein dag

Las Vegas ligg i ein ny delstat, Nevada. Ved å kryssa grenso frå California til Nevada forlét me det amerikanarar kallar for The Pacific States, altså dei tre statar på Stillehavskysten, og beveger oss austover. Der heiter det The Mountain West States: i nord ved grenso mot Canada ligg Idaho og Montana, i sør ved sido av Mexico ligg Arizona og New Mexico, og mydlo desse statanefinn ein Wyoming, Nevada, Utah og Colorado. Når deko ser på kartet, ser deko kor navnet på denne regionen kjem ifrå. Rocky Mountains går gjennom regionen frå New Mexico i sør til Canada i nord, og gjønom Canada forset dei til USAs største delstat Alaska. Det høgste punktet i Rockies er Mount Elbert i Colorado (4 270 m). Delstatar i Rocky Mountains er dei som har færrast innbyggjarar i USA.

Nevada grenser mot California i vest som den delar fjellkjedo Sierra Nevada med. Delstaten er oppkalla etter denne fjellkjedo som på spansk tyder snødekka fjell. Elles består Nevada stort sett av ørken og er derfor delstaten i USA med minst nedbør. Nevada er tynt befolka (2,7 mil.) og mesteparten av befolkninga bur i Las Vegas. Carson City er hovudstad i Nevada med cirka 55 000 innbyggjarar.

  

  

  

Ikkje lenge etter at me hadde reist frå Las Vegas kryssa me grenso til Arizona og kom til Virgin River Canyon som var so fin at me stoppa og lagde oss lunsj der. Virgin River Canyon eller Gorge er eit juv som vart danna av elva Virgin som også har laga utsjåande til nasjonalparkjen Zion. Dette lange juvet forbind den sørvestlege kanten av Colorado-platået med nordaustlege delen av Mojaveørkenen.

Ankomst til Arizona betydde også ei ny tidssone, men me stilte ikkje klokko før me var i Utah (1 time fram). Den eine grunnen var at me ikkje var so veldig lengje i Arizona, og den andre grunnen var at Arizona berre brukar ei tid, ikkje vinter- og sommartid. Arizona og Utah er i same tidssone, men dei har altså forskjellig tid. Det som er endå meir forvirrande er at det sjølstyrte indianarreservatet Navajo Nation brukar sommartid i alle delstatar dei er busett i, det vil seia nordaust i Arizona, Utah og New Mexico. Eit anna indianarreservat Hopi Nation som ligg i Arizona og er omringa av Navajo Nation frå alle sider brukar ikkje sommartid, som i resten av Arizona 😊

  

  

  

  

  

  

  

  

Me var på veg nordover fordi me hadde planlagt å sjå på Bryce Canyon fyrst og få med oss dei andre nasjonaparkane på veg sørover. Grand Canyon skulle me ta til slutt. Dei fleste besøkjer Grand Canyon frå sørsido. Viss me ikkje skulle sjå nasjonalparkane i Utah so kunne me køyrd sørover frå Las Vegas og koma til Grand Canyon fortare. På Visitor´s Centre i St. George, eit lite stykkje frå grenso mydlo Arizona og Utah, snakka me med ei dame som anbefalte å køyra til nordsido av Grand Canyon. Ho meinte det var like fint der som på sørsido. Etter felles vurdering vart me einige om å køyra fyrst til Grand Canyon då. Den nordlege delen av Grand Canyon er mindre vitja enn den sørlege,  cirka 1/10 av totalen på 5 millionar årleg. Sjøl om avstanden mellom dei berre er 16 kilometer, på vegen er det 344 km fordi ein må køyra rundt.

Me sikta oss til nasjonalparkjen Zion der me overnatta på South Campground. Me kjøpte årspass til alle parker i USA. Zion National Park er den eldste og meste besøkte nasjonalparken i Utah. Den vart oppretta i 1909 og har eit areal på 590 km2. Raude sand- og steinformasjonar, sokalla navajosandstein, er karakteriske for parkjen. Zion Canyon går gjennom heile parken, er 24 km lång, 800 m djup og danna av elva Virgin. Me åt kvelds og såg litt på bilder med hadde tekje, men vart so trøytte at me la oss kl. 19:30 – tidlegast på heile turen! Det tar på å vera i Las Vegas 😊