Skip to content

„Wanted“ på campingjen

I går la me oss på ein liten camping som såg ut som ein parkeringsplass og det var sjølbetening, me måtte leggje pengar opp i ei kasse. Campingjen var ikkje inngjerda og det var ingjen resepsjon og heller ikkje vakt. Men det var heilt greitt, bortsett frå at på ei tavle ved campingjen hang ein plakat med overskrift „Wanted“, eit bilete av ein mann og info om at han hadde rømd frå eit fengsel og var væpna. Geir og Luba syntest det var greitt, men Ivana ville helst køyra vidare og finna ein annan stad å campa på. Bortsett frå det var det veldig fint der, me kom akkurat då sole gjekk ned. Me opna vinen frå Oregon og såg på stjerner 😊 Men i dag tidleg var det skodda ute og me såg ikkje havet ein gong. Det var ikkje sol over plassen vår og det var vått, kaldt og surt, so me berre laga matpakke og køyrde av garde

  

  

  

  

Etter ei stund stoppa me i Manchester State Park (S.P.) kor me laga middag på parkeringsplassen. So gjekk me ned til stranda og bada fotane sidan det var for kaldt å bada. 

Etter kvart var bøljene so store at me måtte enten ut av vatnet eller verta våte på kleda. Frå Manchester gjekk vegen til Fort Ross, ein russisk utpost (kontor) for handel med skinn og pels frå sjøoter i åra 1812-1841. Med denne handelen finansierte dei sine utpostar i Alaska. Dette var Nord-Amerikas sørlegaste russiske busetnad, men rundt 1820 vart sjøotera utrydda og russarane la ned handelen sin. Det er framleis å sjå ei lita festning, kapell og huset til dei som styrte handelen. I 1906 vart Fort Ross State Historic Park oppretta.

  

  

  

  

På vegen såg me skilt til ein camping og i det me skulle svinga inn blinka ein motgåande bil på oss. Det var ein Audi med telt på takjet, og han køyrde etter oss. Han var interessert i takboksen vår, fordi han nettopp hadde henta eit slekt telt sjølv. Han slo opp teltet sitt for å visa oss. Det var ein annan modell og han løfta takjet slik at det vart ein trekant. Då han fann ut at me i tillegg var frå Norge, vart han veldig interessert i alt mogleg. Han hadde mor si med i bilen, dei var frå Portland i Oregon og hennar bestemor var frå Lofoten 😊

  

  

  

California er den mest folekrike delstaten i USA med 39 millionar innbyggjarar og tredje største delstat i areal 424 000 km2 (etter Alaska og Texas). Den ligg ved Stillehavet og grenser mot Oregon i nord, der me nett kom ifrå, Nevada og Arizona i aust og Mexico i sør. California er kjend for sitt varierte landskap og klima. Langs kysten er det fjell, lenger inn i landet er den kalifornske dal (Central Valley), heilt aust er fjellkjedo Sierra Nevada og i sør er det ørken. Hovudstaden er Sacramento og den største byen er Los Angeles som er USAs nest største by etter New York. California vert ofte kalla Golden State.