Skip to content

Altajfjella og Teletskojesjøen

Dagens plan var å køyra til Artybasj og Teletskoje ozero. Vegen var god, 34 kilometer til Turotsjak tok oss ikkje meir enn 45 minuttar. Der fylte me diesel på ein gammaldags bensinstasjon og diesel kosta 24 R/l, altså to rublar mindre enn andre plassar. Turotsjak er regionsenteret i Turotsjak-region og det bur ca. 5 000 menneskje der. Etter gårsdagens tur på grusvegen trudde me ikkje at me skulle koma til ein stad med masse fasilitetar.

Frå Turotsjak brukte me litt under 2 timar til Artybasj (71 km). Artybasj er ein fin plass, innsjøen var også fin, likna mykje på norske fjell og fjordar. Der ville me ta ein båttur på Teletskoje ozero, men turistbåten gjekk ikkje endå, me var for tidleg ute, sommarsesongen var ikkje i gang endå. Men det var ei gruppe unge menn som stod ved mindre båtar og venta. Dei kunne ta oss med på tur. So me hadde ein privat guide. Han heitte Misja og snakka litt tysk. Båtturen tok 2,5 timar og me sat i ein liten båt som køyrde so fort at me av og til måtte hoppa over bølgjene etter andre båtar. Misja fortalde om ein liten foss undervegs og seinare stoppa me ved ein større foss Korbu. Det var eigentleg ein liten foss og me hadde pause der i 40 minuttar og kunne kjøpa suvenirar og eta langoš (ei tjukk lefse steikt i olje) fylt med kjøt og drikka te. På vegen tilbake stoppa me i Steinvikji (Kamennij zaliv) der det visst hadde falle ein meteoritt.

Teletskojesjøen er den største innsjøen i Altajrepublikken, den er 78 kilometer lang og 325 meter djup, noko som gjer den til ein av verdas 25 djupaste innsjøar. 70 elvar og 150 bekkjer renn inn i sjøen, den største er Tsjulysjman som leverar meir enn halvparten av vatnet i sjøen. Det er berre ei elv som renner ut av innsjøen og det er elva Bija der me campa i går. Altyn-Köl som innsjøen heitar på lokalspråkjet betyr gullsjø. Teletskojesjøen er ein del av Dei gylne fjella i Altaj som er ei fellesnevning for eit fjellområde som vart skrive inn på UNESCO si liste over naturverdsarv i 1998. Her høyrar også Sibirs høgaste fjelltopp Mt. Belukha til. Dette område inneheld alle vegetasjonssonar ein kan finna i Sibir (steppe, skog, blandingsskog, subalpin og alpin vegetasjon) og er heimen til utryddingstrua dyr som snøleopard (irbis), argalisau eller sibirsteinbukk.

  

  

  

  

  

  

  

  

Ikkje so langt frå sjøen fann me oss ei fin sletta ved elva Bija og rydda og vaska heile bilen. Me tok ut alt og vaska vekk eit tjukt lag med støv, heile kjøleskapet og bilen på utsio. Heilt utruleg kor mykje støv det hadde samla seg i bilen! Då me heldt på kom det eit ektepar til oss, dei skulle fiska. Det passa liksom ikkje heilt sidan me ville vaska oss i elva 😊 Me byrja å snakka med dei, dei anbefalte oss kva me måtte sjå og kva me ikkje måtte gå glipp av. Dei var frå Kemerovo og var på fisketur i Altaj. Det gjer dei visst ofte. Dei søv alltid på eit og same pensjonat i Turotsjak, i bygda der me fylte diesel i dag tidleg. Dei inviterte oss og sa at me måtte koma der i kveld. Eigarane til pensjonatet hadde sikkert eit ledig rom att. Det som freista oss mest var banja (badstova). Etter meir enn ei veke med camping likte me ideen om å vaska oss skikkeleg og ikkje minst å prøva den tradisjonelle russiske banjaen.

So me avtalte med dei at me skulle treffast klokka 21 på bensinstasjonen i Turotsjak og køyra saman til pensjonatet. Me gjorde oss ferdig med bilen, lagde oss middag og køyrde for å møta dei (me hadde gløymt sveiva til teltet som me oppdaga seinare). Pensjonatet var i enden av Turotsjak, me såg plassen i dag tidleg, og me fekk eit koseleg lite rom med to senger og ein sofa. Banja var fantastisk, det var 75 gradar inni og me hadde til disposisjon også fersk bjørkeris som me kunne piska oss med på kroppen. Etterpå blanda me varmt og kaldt vatn i ei bøtte og vaska oss. Ved det store bordet i hagen sat våre russiske venner, Vadim og Ludmila og vertane med ei lita jente, og drakk te. Vertinna serverte russisk konjakk og morellar. Konjakken var faktisk god. Ho hadde ikkje laga noko spesielt, ho tok fram det ho hadde heima, altså litt brød, syltetøy og noko lite til. I Russland drikk dei aldri utan at dei har noko å eta til det. Den vetle flasko med konjakk fordelte me mydlo oss 6 vaksne so kvelden gjekk roleg føre seg.

Ingjen av dei kunne eit anna språk enn russisk, men kommunikasjon flaut heile kvelden. Vertinna hadde aldri vore lengre enn til Bijsk, 200 km frå heimen sin. Vadim var ingeniør og hadde reist mykje, han hadde vore i Vladivostok og Peking og hadde peiling på geografi. Til Kemerovo måtte me ikkje finna på å reisa, det var ingenting å sjå der, me måtte berre køyra rett forbi i stor fart. Me hadde med oss brosjyrar om Bergen som dei fekk. Dei syntest det var veldig fint der og skjønte ikkje kvifor me kom til Russland. Dei lurde på om me valde denne ruta sjølv eller om nokon andre hadde valt den for oss. Me snakka også om jobb. I Russland må ein halda på jobben som ein har. Dei kunne også tenkt seg å reisa, men so lenge kunne dei ikkje vera vekke frå jobben. Gjennomsnittleg løn i Russland var då 20 000 – 25 000 rublar, vertinna jobba på eit apotek i Turotsjak og tente rundt 12 000 – 18 000 rublar. Dei syntest me var modige som reiste so langt. Dei lurde på om me hadde lyst til å kjøpa ei tomt i Turotsjak 😊 og om me nokon gong kjem tilbake. Før me la oss skålte me til vennskap mellom nasjonane 😊