Skip to content

Farvel til Stalingrad

I dag var frukosten servert i matsalen utsmykka med sovjetiske teikningar. Som deko hugsa frå i går so er også resepsjonen i same stil. Her var vaktmannen på hotellet veldig opptekjen av å ta bilete av Ivana med ei båthue framom Lenin-bysta. Han hadde so lyst til å gje oss noko som minne om byen sin og då me skulle til å køyra kom han springande til bilen og gav oss postkort frå Volgograd.

  

  

Me hadde lyst å sjå Museum-panorama Stalingradskaja bitva, det er eit museum om Slaget ved Stalingrad. Det var vanskjeleg å finna parkering så me spurte ein mann som selde suvenirar om han visste kor me kunne parkere. Han let oss stå bak sin eigen bil og sa at han skulle passa på. Inne på museet var det fint laga til, med bilete, gjenstandar, modellar og det var lett å førestille seg korleis slaget føregjekk. I midten av bygningen var panorama av slaget og ein etasje opp var det enda større panorama. Den tyske kommandanten i Stalingrad, Friedrich Paulus, forfremma av Hitler til feltmarsjall dagen før han kapitulerte, skreiv brev til dei tyske soldatane og det tyske folket. Han skreiv at han hadde gjort alt for Tyskland, men dette slaget gjekk ikkje an å vinna. Han bad dei ta avstand frå politikken til Hitler før det var for seint og oppfordra til å ha gode relasjonar med fiendar. Som me alt har skreve om, var slaget ved Stalingrad eit avgjerande vendepunkt i andre verdskrig sjølv om det berre varte i 5 månadar i 1942-1943. Me gjekk ein runde ute kor det stod alle moglege fly og tanks heilt tilbake til 30-talet.

  

  

  

  

Tilbake til bilen, ville me gje småpengar til suvenirmannen, men han ville ikkje ha. Men gav han eit kort med vår bil og ruta som me delte ut til folk og forklarte kor me skulle.

Volgograd er ein veldig avslappa by, som alle andre byar langs Volga. Me likte oss veldig godt der. Det hjelpte på at me endeleg kunne ta på sandalar og sommarkle. Det var absolutt verdt å besøkje byen sjølv om me måtte køyre 1000 km ekstra sørover.

  

Me hadde planlagt å stoppe på same „campingplass“ som på vegen til Volgograd. Det tok oss 3,5 timar å køyra dit, men på vegen stoppa me for å eta. Det var ein gammaldags café dreven av to damer som heldt på å eta då me kom. Dei spratt opp og begynte å lage mat til oss. Dei hadde ikkje så stort utval og me fekk karbonadar med pommes frites og zjarkoje med potetmos. Maten var enkel, men god. Langs vegen var det mange utsal og dei selde alt mogleg. Det mest spesielle me såg var kanskje surmjelk på plastflaske utstilt i steikande sol. Sjølv om me likar både mjelk og surmjelk, torde me ikkje å kjøpa noko slikt. Framme på campingplassen skifta Geir olje på bilen og det var tidleg kveld.

  

  

  

  

Litt statistikk etter 20 dagar på tur

Me har køyrd 4 238 km frå Bergen til Volgograd på både gode og dårlege vegar. Me har sete i bilen i 69 timar (av totalt 480 timar). Gjennomsnittsfarta var 50-60 km/t. Me har brukt 370 liter diesel på 3 800 km og betalt 13 901 RUB eller 2 700 NOK. Geir synes det er fascinerande at ein gamal bil på nesten 3 tonn med fireliters motor brukar mindre enn 1 liter per mil. Diesel kostar i snittet 26 rubler per liter (5 NOK).

Temperaturen gjekk ned til minusgrader om natta og opp til 30 grader om dagen, me brukte alt frå ullunderkle, vottar og huer til sandalar og shorts. Me har vore innom 12 byar: Bergen, Oslo, Stockholm, Helsinki, St. Petersburg, Velikij Novgorod, Tver, Moskva, Vladimir, Nizjnij Novgorod, Saratov, Volgograd og snart skal me til fleire. Mange av byane som ser ut som ei lita bygd på kartet har fleire hundre tusen innbyggjarar, mange over 1 million. Av dei 20 dagane overnatta me 1 gong på ferje, 13 gonger vilt/camping og 6 gonger på hotell. Me har so langt bevega oss gjennom to tidssoner og det er to timar meir her. Me har berre ete russisk mat, fyrste gong me åt noko anna var pizza i Volgograd 😊