Skip to content

Ivana er i Europa og Geir er i Asia

Frukost på hotellet må tingast dagen før og ein kan velja to rettar i tillegg til smør, ost, syltetøy, jogurt og kaffi. Me åt speilegg, pylsa og blini med kjøt og cottage cheese. Me er sjeldan svoltne etter frukost på russiske hotell 😊

Etter frukost køyrde me til grenso mydlo Europa og Asia. Det finnest fleire plassar i Ural som markerar grenso mydlo desse to kontinentar. Me køyrde til den som ligg 17 km vest for Jekaterinburg. Me såg den frå motorvegen hin dagen, men kunne ikkje stoppa då. I dag køyrde me rett forbi sidan det ikkje var merka og me visste ikkje heilt kor me skulle ta av. Vegen var i tillegg stengd, men me kom oss fram på nokre sidevegar. Detta er eit relativt nytt minnesmerkje, det vart bygd i 2004 samstundes med Moskva-motorvegen. Det er laga av to store steinar: den eine frå det fjernaste punktet til Europa (kapp Roca i Portugal) og den andre frå Asia (kapp Dezjnjov i Tsjukotka). Det er ein populær plass for nygifte å ta bilete. Me var ikkje nygifte, men tok bilete me òg 😊 Folk knyter sløyfe på trea og det er fargerikt over alt. Bortsett frå å ta bilete med den eine foten i Asia og den andre i Europa, eller den eine av oss i Asia og den andre i Europa, er det ikkje så mykje å gjera der så me reiste tilbake til byen før rusjen byrja.

  

Det var den svenskje forskaren Johann Philip Stralenberg som på 1700-talet fann ut at grenso mydlo Europa og Asia gjekk utanfor Jekaterinburg. Den anerkjende russiske historikar og geograf Vasilij Tatisjtsjev bekrefta seinare denne teorien. Tatisjtsjev saman med Georg Wilhelm de Gennin, ekspert i gruve- og metallingeniering, grunnla både Jekaterinburg og Perm i 1723 (Tatisjtsjev grunnla også Togliatti). Dei levde i Peter den Store si tid og kalla byen opp etter kona hans Katarina I. Byen har alltid vore rik: den hadde gruver, møller, bearbeida jern, metallar og stål, lagde koparmyntar og i 1845 sto dei for 47% av gullproduksjon i verda.

Jekaterinburg heitte Sverdlovsk frå 1924-1991 til æra for Jakov Sverdlov, leiaren til Bolsjevikpartiet og det seiest at han var ansvarleg for henrettinga av tsar Nikolai II. og hans famelie nettopp her i Jekaterinburg i 1918. Sjølv om byen skifta namn tilbake til Jekaterinburg i 1991, heldt fylket på namnet Sverdlovsk etter ynskje frå folket. I dag er Jekaterinburg Russlands 4. største by og vestleg orientert med alle moderne fasilitetar sjølv om byen var stengd for utlendingar fram til 1990. Dei har til og med turistinformasjon som me oppdaga på avreisedagen 🙂