Skip to content

Vårt canadiske eventyr

Canada er eit av verdas tre største land. Dei to andre er Russland og USA, og me har vore innom alle tre på denne turen. Canada er arealmessig verdas nest største land. Med sine 9,9 mil. km² er likevel berre halvparten av Russland sitt areal på 17 mill. km2. Når det kjem til tal innbyggjarar så er Canada på nummer 38 med sine 37 mil. innbyggjarar og Russland som nr. 9 med 146 millionar. 

Canada strekkjer seg frå Atlanterhavet i aust til Stillehavet i vest og Nordishavet i nord. Canada har verdas lengste kystlinje og i sør grensar det berre til USA (landet har også ei grense mot USA i nordvest, mot Alaska). Hovudstaden i Canada er Ottawa. Landet har ti provinsar og tre territoria. Ein av provinsane er Britisk Columbia heilt vest i landet, på Stillehavskysten. Me har tenkt å avgrensa oss til denne provinsen sidan me framleis må ordna masse ting rundt import av bilen.

  

I dag vakna me tidleg for å senda av garde dokumenta som me hadde fylt ut i går. Frukosten var i puben og det var sjølvbetening. No har me bevegd oss til den verdsdelen der ein får toast, smør, syltetøy, cornflakes og muffins til frukost.

Planen i dag var å henta bubilen. Me måtte venta til kl. 16 før me kunne henta den so det vart ikkje gjort noko vetigt i dag. Hos Canadream tok ein hyggjeleg og morosam mann seg av oss og forklarde korleis bilen fungerte. Det var eit sværa beist me fekk, ein Run of Fleet 3 som var 10-11 meter lang med V10 bensinmotor og brukte 3 liter per mil. Me håpa på ein mindre bil og vart litt skuffa over kor stor den var. Me kjem til å skriva meir om bubilen og innreiinga ein av dagane når me har vorte betre kjend med han. Me vart ståande og snakka med mannen vår. Han var positiv til vår reise til USA og anbefalte oss stader me måtte sjå. Han sa at det ikkje finst sommar i Canada, berre sommardagar. Det er me vane med frå Norge so det var ikkje noko problem 😉 

  

  

Utan vidare planar reiste me derifrå og til Ladner, ein bydel i nærleiken. Der handla me mat og innkvarterte oss på Burnaby Cariboo RV Park. RV står for recreational vehicle, bokstavleg oversett til fritidsbil. RV Park er dermed ein campingplass. Det var mangjen bubilar der, det kan sjå ut som om annankvar famelie i Canada eig ein bubil. Det var også mangjen tyskarar som leigde bil hos Canadream, same som oss. På campingjen fekk me kopla oss til straum, vatn og avlaup og kunne også bruka symjehall, dusj og vaskeri, men me gjorde ikkje so mykje meir enn å eta, sjå på kart over Canada og sjekka mail. Det følest kanskje ikkje slik, men til og med på ein dag som denne som kan virka lite spennande får ein masse inntrykk som ein må bearbeida. Ein må ta det me ro når ein er på ein so lang tur og ta seg tid til å oppleva ting, men samstundes å tenkja over det ein ser og får vita når ein snakkar med folk.