Skip to content

Hovudstad Washington D.C.

Shuttle-bussen frå campingjen til byen går ikkje lenger, det er seint på året og sesongjen er over. So me køyrte til ein metrostasjon, parkerte og derfrå tok me den oransje linjo til sentrum. Washington D.C. er landets hovudstad, bygd etter modell frå Paris. Arkitekt Pierre L`Enfant designa byen ein diamantform med Capitol i midten.

The National Mall er ein 3 kilometer lang grøn strekning frå Capitol til Lincoln-monumentet fudl av nasjonale minnesmerkje. Langs National Mall er det 19 museer om alt mogleg om USA og alle er gratis. Det er veldig greit å gå på Smithsonian Information Center kor ein får eit kart over området og musea og kan planleggja litt. På kaféen tok me ein kopp kaffi og åt skivene våre før me gjekk til National Museum of American History. Museet er stort, består av tre etasjar og mangjen utstillingar om det amerikanske samfunnet. Communities in a Changing Nation, fellesskap i en nasjon i endring, heitte den eine utstillinga som handla om utvikling i USA, frå 1800-talet, behandling av indianarar, industrialisering, slavar og avskaffelse av slaveri, immigrasjon av jødar; ein veldig kjend jøde var til dømes Levi Strauss som laga arbeidskle som i dag er ein av dei mest populære bukser, nemleg dongeribukse.

Ei anna utstilling tok for seg The Star-Spangled banner, USAs nasjonalsang. Francis Scott Key vart så inspirert av eit stort flagg i den britisk-amerikanske krigjen i 1814 at han skreiv tekst til sangjen som seinare fekk namnet The Star-Spangled banner og som i 1930 vart gjort til offisiell nasjonalsang. Afro-amerikansk historie var via ein stor del av museet og det var skrømmande å sjå kor undertrykte denne delen av befolkninga var. Du kan berre sjå bilete under, dei treng ikkje nokon forklaring. Elles var det utstillingar om oppfinnaren av lyspæra Thomas Edison, kjolar av fyrste damer, transport i Amerika, forsking, og militærhistorie frå kolonitida til i dag, til å nemna nokon. Me var på museet i 4 timar og måtte ta ein pause undervegs 😊

  

  

  

  

Det kvite huset er lite og eigentleg ikkje noko spesielt, berre eit kvitt hus. Me trudde det var større, det ser større ut på TV. Me såg det fyrst frå baksido. Hagen på baksido hadde presidentfamelien pynta til Halloween med spindelvev og graskar. Det var ein del protestantar bak presidentresidensen, med same budskap som protestanter i Boston og Philadelphia. Det var politifolk og sperringar overalt. Journalistar stod klare, so det skulle sikkert skje noko. På framsido står Det kvite huset so langt frå gjerdet at det nesten ikkje går an å sjå det. Mens me stod der og lurte, spurte ein politimann om han skulle ta eit bilete av oss og me sa ikkje nei. Det var alt, no har me sett huset, huset til presidenten til verdas mektigaste land.

Me rakk å sjå Det kvite huset før byrja det å striregna og me vart heilt gjønovåte. Me fann oss ein stad å eta på og turka litt, men sidan regnet ikkje gav seg på ei god stund, gjekk me berre på bokhandelen Barnes & Noble kor me bestilte varm drikke og bladde litt i bøker. Klokko 21 tok me metro heim, stoppa på Safeway for å handla mat og slitne etter heile dagjen la me oss i hytto vår.