Skip to content

Gambling i Las Vegas

I natt var det full storm, det lynte og tordna so mykje at me måtte gå ned i bilen klokko 3 om natta. Regnet gav seg ikkje før kl. 9 so me venta oppe i teltet. Men så letta det og det var varmt og fint som ingjenting hadde skjedd. Til frukost laga me oss egg og bacon, vaska og tromla kle og kl. 12 gjekk me til byen.

Me hadde ikkje mål om å gambla, men når ein er i USA og Las Vegas so må ein taturen innom. Las Vegas er kjend i heile verda for store resortar, gambling, kasinoar, shopping, fine restaurantar, underhaldning, natteliv, og likar å kalla seg for underhaldningas hovudstad i verda. Las Vegas Strip, eller berre Strip, er ein 6,8 km lång strekning med dei største hotella og kasinoar i verda, som gjer den til ein av mest vitja turistdestinasjonar i USA og i verda. 40 millionar besøkjande kjem til Las Vegas kvart år og dei brukar 10 milliardar dollar. Byen har overnattingskapasitet på 150 000 rom. Las Vegas Boulevard eller Strip ligg i forstadane Paradise og Winchester sør for byen Las Vegas, men kallast likevel for Las Vegas. Men byen har faktisk eit historisk sentrum (downtown), men dette er i skuggen av bulevarden og lite kjent for folk flest. Me visste ikkje om det då me var der, men me fann ut seinare at i 2012 oppgraderte dei heile sentrum som ein del av prosjektet „The Year of Downtown“. So kanskje det ikkje var so mykje å sjå der likevel då me var der.

Nevada, delstaten der Las Vegas ligg, var den fyrste staten som oppheva gambling i 1931. Frå 1940-talet vart kasinoar og hoteller bygd, og på 1960-talet byrja dei å kalla gambling for gaming som gjorde det lovleg å driva kasino. I 1989 vart The Mirage bygd, den fyrste megakasino på Stripa, og det meste av kasinovirksomheita flytta dit frå sentrum. I tillegg til gambling er Las Vegas også kjend for sine mange bryllupskapeller der 150 menneskje giftar seg kvar dag. Samstundes har Las Vegas långt fleire skilsmisse-domstolar enn dei andre amerikanske byane. Det er også veldig populært å lage filmar, musikkvideoar, TV-program og ha andre kulturelle arrangement i Las Vegas.

Namnet til Las Vegas kjem frå spansk og tyder meadows, blomstereng, sidan det var store områder med viltveksande gras på 1800-talet då spanjolar kom dit.  Byen vart grunnlagd i 1905 då med 30 innbyggjarar. I dag bur det 630 000 menneskje i byen og 2 millionar med forstadane. Folk flytta dit då jernbane kom i 1905 og då gambling vart legalisert i 1931. Las Vegas er den 26. største by og raskast veksande by USA. Berre mydlo 1990 og 2000 auka innbyggjartalet med 85 %. 

Men Las Vegas er ikkje berre underhaldningsmekka. I 1855 kom mormonske misjonærar til Las Vegas og bygde ei festning som skulle forsvara lokalbefolkninga frå indianarstammar. Den var midtvegs mydlo Los Angeles og Salt Lake City, der cirka 50 % av innbyggjarar er mormonar.

48 kilometer frå Las Vegas ligg Hooverdammen som dei byrja å byggja i 1931 (ser ut som alt skjedde i dette året!). Det er ein av verdas største og høgaste demningar, oppkalla etter USA president Herbert Hoover som hadde ein avgjerande rolle i byggjinga.

100 km nordvest for Las Vegas ligg Nevada Test Site, eit område eig av den amerikanske hæren etablert i 1951 for prøvesprenging av atomvåpen. Innbyggjarar i Las Vegas såg skyar i form av sopp og var utsett for radioaktivt nedfall heilt fram til 1963 då det vart bestemt at prøvesprenging skulle skje under bakkjen.

  

Men tilbake til Las Vegas Strip som me brukte heile dagjen på. Me budde på campingjen ved Circus Circus Hotel and Casino på den nordlege enden av Stripa og der byrja med òg vår reise gjøno Las Vegas. Me passerte det gyldne Trumphotellet og den store kasino The Mirage og stoppa ved Venetian. Det er en kopi av Venezia der folk kan ta ein tur med ekte gondolar framføre ein vegg med eit stort bilete av ein kanal i Venezia. Det skulle liksom sjå ut som om det var ekte. Me kryssa vegen for å sjå på Caesars Palace. Alt var spektakulært der, fyrst kasino som me gjekk gjennom, so butikkar og restaurantar med blå himmel over hovudet vårt sånn at me følte at det var dagslys. Folk sat og spelte på automatar, enten det er rulett eller barneautomatar der ein må finna tre like symbolar (sitron, eple, osv.). Då me kom ut, såg me ein stor fontene framom Bellagio. Den var verkjeleg stor, større enn bygningane rundt, og den dansa til musikk. Over vegen att er Paris med Eiffeltårnet og Triumfbua, designa av same folkjet som New York-New York. På ein fransk restaurant såg alt ut som om ein var i Frankrike. Le Village Buffet hadde middagsbuffet med veldig god mat, alt frå salatar, supper, kylling, fisk, and, til pannekaker på bestilling og gode småkaker. Me var der og åt i 2,5 timar og då me kom ut var det alt myrkt 😊 Vidare spaserte me forbi Planet Hollywood, Hard Rock Café, Harley Davidson Café, Cosmopolitan, New York-New York med skyskraparar på Manhattan og Fridomstatua. Ein stor berg-og-dal-bane gjekk rett over hovuda våre. Excalibur er eit middelaldersslott som var fint belyst (kvart tårn i ein annan farge). Dette var verdas største hotell i åra 1990-1993 då den vart slått av MGM Grand overfor vegen som har 5 000 rom. Gjennom Excalibur kom me til Luxor, ein pyramide på 36 etasjar der dei hadde kasinoar og utstilling om Titanic. Framfor pyramiden står ein stor sfinks. No var me kome til ende av den lange bulevarden, klokko var vorte 22 og me var slitne og ville heim etter ein lång dag. Me hadde gått langs heile bulevarden på 6,8 kilometer, endå meir, fordi me kryssa vegen fram og tilbake for å sjå på diverse ting. Me tok buss, ein dobbeltdekker, men det var lite praktisk fordi det var fullt med folk og dei skulle av og på heile tida.