Skip to content

Shenandoah nasjonalpark

Frå Pennsylvania kjøyrte me til Maryland, eit lite stykkje gjøno West Virginia og til Virginia. Fire statar på ein dag i dag òg. På vegen passerte me Catoctin Mountain Park der den kjende feriestaden til amerikanske presidentar, Camp David, ligg. Men deko kan leita lengje etter den på kartet, den er ikkje merkt på kartet (i alle fall ikkje nasjonalparken sitt kart). Namnet David kjem frå badnabodnet til Eisenhower som seinare gifta seg med Julie, dottera til Eisenhower´s visepresident Richard Nixon.

På grenso mellom Maryland og Virginia kryssa me Potomac River, ei 650 km lang elv som har fleire sideelvar og den viktigaste er Shenandoah River. Potomac utgjer grenso også mydlo West Virginia og Virgina, og renn gjøno hovudstaden Washington D.C.

  

  

  

  

Sakte nærmar me oss Appalachene. Denne store fjellkjedo ligg aust i landet og strekkjer seg 2 400 kilometer gjønom 14 statar, frå Alabama i sør til Maine på grenso til Canada i nord. Fjellkjedo er delt i fleire fjellryggjar. Ei av dei er Blue Ridge Mountains som er oppkalla etter den blåe fargen synleg langvegsfrå. Blue Ridge Mountains består av to store nasjonalparkar, Shenandoah nasjonalpark i nord og Great Smoky Mountains nasjonalpark i sør. Gjønom fjedlryggjen går Blue Ridge Parkway, ei 754 km lang ruta  som vart bygd i åra 1935-1967.

Me starta i Front Royal (60 m.o.h.) og kom oss inn på Skyline Drive, ei spektakulær rute gjønom Shenandoah nasjonalpark. Ruto er 180 km lang, har storeleik 776 km2 og vart opna i 1939. Maks fart er 35 mph (56 km/h). Parkjen er veldig populær om hausten. Omtrent halvvegs på denne ruto stoppa me i Mathews Arm (838 m.o.h.) og sjekka inn på campingjen. Me kunne velja plass og ende opp med ein fin solplass. Det var fantastisk fint ver, me sat ute, laga oss middag, dessert, kaffi og te, og snakka med folk som gjekk forbi og som var interessert i teltet vårt. Det var ikkje so mangjen som hadde eit taktelt for 10 år sidan, og nesten ingjen amerikanarar hadde sett det før. Me var ein attraksjon 😊 Me fann ut at me hadde lyst til å ha namn på stader me har vore på denne turen på bilen, so me kjøpte bokstavar og limte dei på bakruto. Det tok litt tid og me fekk selskap av ein hind som lurte rett ved sido av bilen, sjå bilete. Sole gjekk ned gansje tidleg og det vart kaldt. Dette var ein enkel camping utan mykje fasilitetar, men midt i naturen og sidan det ikkje var mykje folk der heller, so var det roleg. Me naut både roen, oransje haustfargar og fauna rundt oss.

  

  

  

  

  

  

  

  

I nasjonalparkar i USA betaler ein inngangspengar for anten ein inngang eller for eit heilt år. På det eine bilete ser deko bomstasjon ved inngangjen til Shenandoah nasjonalpark. Pris for ein bil er 15 dollar og gjeld i 7 dagar. Pris for eitt år er 30 dollar. Seniorar over 62 år (sjølsagt berre amerikanske borgarar med fast opphald i USA) betalar 10 dollar for livsvarig tilgang til naturen. Me synes det er veldig spesielt å betala for å gå i naturen. Midlane går til parkvedlikehald, såpass mykje skjønar me òg. Men det har ein heilt motsett effekt: når amerikanarar kjem på besøk til Norge lurer dei på kor tid fossane og fjordane stengjer! I Norge stengjer dei ikkje, dei er opne heile tida og folk kan bevega seg fritt i naturen. Men i USA er det nøyaktig bestemt kor ein kan gå og kor ein ikkje kan gå. Det syntest me var rart sidan fridom i alle formar er so viktig for amerikanarar.

I USA er det 63 nasjonalparkjer. Yellowstone var den fyrste som fekk status nasjonalpark i 1872, etterfylgd av Sequoia og Yosemite nokre år seinare. 27 av 50 delstatar har nasjonalparker og California har flest (9). Den mest vitja nasjonalparkjen er Great Smoky Mountains med 12,1 millionar besøkjande årleg, etterfylgd av Yellowstone med 3,8 millionar og Zion med 3,6 millionar. 14 nasjonalparkar står på UNESCO liste over verdsarv.

Me har vore i desse nasjonalparkar: Mount Rainier i Washington, Sequioa og Redwood i California, Grand Canyon i Arizona, Arches, Bryce Canyon, Canyonlands, Capitol Reef og Zion i Utah, Rocky Mountain i Colorado, Mammoth Cave i Kentucky, Shenandoah i Virginia, og kjørte forbi Death Valley i Nevada/California.

Det er National Park Service som administrer nasjonalparkar og andre parkar, naturvernområde, reservater, elveområder, men også historiske stader og til dømes viktige slagmark. Totalt finst det 423 parkar og av alle desse hadde Blue Ridge Parkway det beste talet besøkjande (14,1 millionar) i 2021, etterfylg av Golden Gate National Recreation Area (12,4 mill.) og Great Smoky Mountains National Park (12,1 mill.).