Skip to content

Me pakkar

Det var mykje varmare i dag tidleg, sole kom opp og me kunne lima resten av bokstavar på ruto 😊 Etter å ha vaska kle byrja me å rydda ut av bilen og heile dagjen gjekk i det. Me laga oss ein lett middag, men hadde ikkje meir salt – det var godt beregna 😊 Me flytta på ting og reduserte baggar, so no er alt bak i bilen, ingjenting er laust i baksetet. I morgo tidleg hiv me madrassen, dyna og stolane opp i teltet og køyrer til terminalen for å levera bilen. Matpakken har me nok av til i morgo 😊

Våre tankar om det amerikanske samfunnet

I dag vil me skriva noko om folk, samfunnet og trua. Levestandarden til amerikanere har gått ned ekstremt dei siste 2-3 år (mot 2011). Folk er ikkje fornøygd med regjeringa, dei vil ikkje betala for at USA blandar seg i nesten kvar konflikt i verda og dei er også fed up med faktum at dei rike berre vert rikare. I byane på austkysten som Boston, Philadelphia, Washington og New York er det folk som protesterar, campar på offentlege plassar i byar og prøver å visa til regjeringa at dei ikkje er fornøygde med den. I gatene er det vanvittig mangjen fattige og tiggarar, men også folk som vil jobba, men har ikkje moglegheit til det og må derfor tigga. Ein ser også mangjen invalidar som staten ikkje støttar mykje (kanskje ikkje i heila tatt) når dei treng medisin o.l. Helsevesenet i USA går det ikkje an å samanlikna med det russiske. Kva er det som er viktigast: å ha hypermoderne apparater eller tilby tenester til dei sjuke? I USA ser det ut som om maskiner er viktigare enn helsa til folk. I Russland er helsevesenet gratis og folk får hjelp når dei treng den. Helsevesenet der fungerer kanskje ikkje slikt det burde, men til og med utlendingar får behandling utan å betala. For den russiske stat er det ei æra å hjelpe sine egne borgarar. Kva er det eigentleg som skjer i USA? I USA lever millionar av meneskjer som ikkje har råd til å betala sjukehus. Forsikringa kostar rundt 1 000 dollar i månaden for ein familie på fire. Kor skal vanlege amerikanarar få råd til det? Mangjen vel då å ikkje teikna ei forsikring og betalar kanskje mindre hvis dei må på sjukehus. Er det normalt å betala 8 000 dollar for ein fødsel utan komplikasjonar? Er det normalt at folk som må på sjukehus har gjeld resten av livet? I staden for å blanda seg i andre statar sine saker burde USA heller bry seg om sine eigne saker, for eksempel gje betre helsetilbod til sine borgarar eller redusera kriminalitet i landet. Det ser ut som om USA er på veg nedover mens Russland er på veg oppover og det kjem nok ikkje til å ta lang tid før dei treffest og levestandarden i beggje land vert samanliknbar. Mangje vil sikkert ikkje innrømma dette sidan USA lengje har vore verdsmakt og heile verda måtte fylgja etter dei.

Mangjen trur at USA er eit draumeland, men me er ikkje heilt sikre på om det gjeld lengjer (ja, kanskje for 50-100 år sidan var det slik). Mykje har endra seg. USA er no på veg nedover, økonomien held på å kollapsa og folk har det ikkje bra. Levestandarden er lågare enn den var før og dei som kan vurderer nok å flytta ut av landet. Me skjønar eigentleg ikkje kvifor amerikanarar trur at alle som reiser til USA er spionar eller vil busetje seg i USA. Før me fekk lov å koma inn i landet deira så måtte me gjennom intervju om kor me reiste, kor me skulle vera, med kven, kor lengje, kvifor har me importert vår eigen bil til landet, kor mykje det kosta, osv.

Amerikanarar flest er avslappa meneskjer, veldig høflege og greie. Me har snakka med mykje folk på campingplassane, dei fleste var interessert i korleis me reiste og mangjen var også oppdatert. Men det er so utruleg store forskjellar mellom amerikanarane, nokon trudde Norge eller Slovakia var ein av statane til USA!

Folk i servicebransjen er veldig høflege. Dei skjøner i alle fall regelen „vår kunde er vår herre“. Me skjønar ikkje kvifor dei krev so stort tips. Er ikkje tips noko me som kunde gjev til ein servitør når me er fornøygd med deira tenester? I Amerika (og Canada) krev dei tips på rundt 10-15-18 %, av og til legg dei det inn i rekninga. Men det er visst ikkje pga. at servitørar har so låge lønningar som me trudde. Folk er greie, problemet må då vera i oppbygginga av samfunnet.

Amerikanarane brukar kristeleg symbolikk på mangje områder i samfunnet og i heimen sjølv om kristendomen ikkje er den offisielle religion og kyrkja er adskilt frå staten. På pengesetlar står det „In God We Trust“ (Me trur på Gud) og nesten ingjen som ikkje er ein protestant eller kvit har sjangse til å verta valgt til president (bortsett frå J.F.Kennedy som var katolikk og Obama som er svart). På mangjen stadar trefte me erkekristelege, til og med ein guide på museet ville diskutera Gud med oss. I New Orleans prøvde dei å kommunisera med folk på byen som var der for å festa og ha det kjekt.

I Amerika er likestilling kome langt. Nesten i alle biler sit kvinna bak rattet og mannen ved sida. Slik var det også i Russland, men kanskje av ein annan grunn: slik at mannfolk kunne drikka og hadde nokon som kunne køyre dei heim att 😊

Amerikanske vegskilt (to be continued…)

Under er eit lite utval av skilt me såg langs vegar i USA. Nokre gansje vanlege, andre litt spesielle. I morgon kjem del 2 av vegskilta 😊