Skip to content

Me returnerer til fastlandet

Frå kaien i Swartz Bay tok me ferje til Tsawwassen, 35 km frå Vancouver og 5 km frå grenso  til USA. Me hadde ikkje førehandsbestilt billett til ferjo, men heldigvis var det framleis ledig. Me sat på dekket og observerte ein liten seglbåt som nesten ikkje klarde å flytta seg før ferjo kom. Ut av ferjo køyrde me ikkje meir enn 4 km før me kom til ein campingplass. Campingjen var ikkje langt frå Canadream der me skal levera bilen i morgon. So resten av dagjen skal me pakka, rydda og vaska.

I Tsawwassen vaska me bubilen på ein bensinstasjon der me fekk høyra livshistoria til indaren bak diskjen. Det viste seg at han hadde budd i London og jobba på ein bensinstasjon der Geir i 1999 køyrde seg vill på veg til hotellet ved Stansted og gjekk inn for å spørja om køyreretning. Den gongen fortalde han at han hadde jobba på Esso i Loddefjord og kunne litt norsk. Verda er lita 😊

Tsawwassen har vore heimen til urfolkjet Tsawwassen First Nation i 4 200 år. Frå den tida vart det oppdaga åtte førhistoriske bygder. Namnet tyder „vendt mot havet“, men området er kjend som „land of the sun“. Tsawwassen er på solsida og får tre fulle dagar med sol for ein dag med sol i Vancouver sjølv om avstanden mydlo stadane berre er 35 kilometer.