Skip to content

Tjumen – den fyrste byen i Sibir

Etter ein dagstur kom me til Tjumen. På vegen vart me stoppa av nokre bilar. Me trudde dei trong hjelp. Det viste seg å vera luringar som ville byta ein gullring mot russiske rublar. Dei sa at dei var frå Bulgaria, nett komne inn i Russland og ikkje hadde rublar. Det var berre noko tull, me var jo langt inn i Sibir, 4 000 kilometer frå Bulgaria. Med lysets hastigheit hadde ein av dei lagt gullringen på dashbordet så me leverte den tilbake til han og kom oss vekk. Ved innreise til Tjumen vart me stoppa på ein politipost, men vinka vidare etter å ha vorte spurd om kvar me var på veg frå og til. Politimannen hadde fått med seg at me var frå Noreg 😊

Tjumen er den fyrste og eldste byen i Sibir. Den vart grunnlagd i 1586 på staden der gamle handelsruter mydlo Europa og Asia kryssar kvarandre. Gjennom byen går det parallelt to store gater: Republikk- og Leningate. Som i alle russiske byar, også her står ei gedigen statue av Lenin. Under andre verdskrig vart den balsamerte kroppen til Lenin flytta frå Moskva til Tjumen slik at den ikkje skulle få nokon skadar.

  

  

  

Me parkerte i Leningata og fann oss ein kafé. Traveler` Coffee ser ut til å vera ei sibirsk kafékjede. Der studerte me kartet og gjekk so ut for å sjå på sjåverdige plassar. Me rusla langs den lange Republikkgata heilt til me kom til enden kor den møter Leningata. Der står Bymuseet me hadde lyst til å sjå. Det er eit av dei få musea i verda kor dei har eit komplett skjelett av ein mammut. Men museet var stengt. So me spurde om Geologimuseum (Olje- og gassmuseet) var ope, men det var visst også stengd. Ser ut som at tysdag er ein dag då musea i Tjumen er stengde.

Byen er rik på olje og gass som vart oppdaga i 1948. Tjumen fylkje strekkjer seg heilt til polarsirkelen og Tjumen har ei viktig rolle i koordinering av varetransport i heile dette store område. Byen fekk jernbane i 1885 og har i dag også elvehamn. Oljeselskaper som Gazprom, Lukoil og Yukos har mykje aktivitet i byen. Olja hjelper godt på, levestandarden til innbyggjarane er nest høgste i landet (etter Moskva). I tillegg til olje og gass er skipsindustri ei viktig næring og den fyrste dampbåten i Sibir vart bygd akkurat her i 1836.

  

  

  

  

Ved elva Tura har dei ein flott laga promenade med tavler og bilete om byen si historie. Her er også „dei forelskande si bru” og derfrå utsikt til ei kyrkje. I sentrum er det både nye bygningar og gamle tømmerhus. Mange av dei høyrde ein gong i tida til handelsmenn. Sjølv om det bur nesten 800 000 menneskje i byen, var det ikkje synleg i sentrum. I byparkjen er det ein fin fontene og tivoli. Der sette me oss ned og slappa av med ein is.

Eit interessant faktum til slutt. Den tidlegare slovakiske skiskyttaren Anastasija Kuzmina kjem frå Tjumen. Ho vart verdsmeister under OL i Vancouver 2010, altså eitt år før me la ut på denne ekspedisjonen og me vitja også Vancouver. Seinare vann ho gull under OL i 2014 og 2018.