Skip to content

Me er i verdas største land

I dag er det dagen med stor D. Me skal krysse grensa til Den russiske føderasjon, som me har høyrt mykje om (og det var ikkje særleg positivt). Me drog av gårde tidleg om morgonen, det var 170 kilometer til den russiske grenso, ca. to og ein halv timars køyring. Etter å ha vurdert fleire moglegheiter valde me til slutt grenseovergangen Vaalimaa – Torfjanovka. Der var det ikkje mange bilar og køen bevegde seg ganske raskt.

Grenseovergangen mellom Finnland og Russland som me var så redd for var heilt utan problem. Passkontroll og utfylling av migrasjonskortet gjekk fort (alle skjema var berre på russisk). Verre var det med bilen. Hadde ikkje ein toller sagt at me måtte fylle ut eit skjema med alle ting me hadde med oss (namn, antall både med tall og ord, pris, osv.), så hadde me ordna alt på ein halv time. Slik vart me der i to timar og dei var absolutt ikkje interessert i kor me skulle, kva slags visum me hadde, det var berre så vidt dei såg inn i bagasjerommet (det var bra fullt) 🙂 Då me leverte skjemaet til kontroll, lo tollarane av oss og lurte på om dei skulle be oss ta alt ut av bilen. Me hadde flaks, dei gjorde det ikkje og vinka oss vidare. Fyrste skrittet, smertefri inngang til landet, klarde me med glans 🙂

På grensa fant me også ut korleis det var med midlertidig innførsel av køyretøy. Me fylte ut to eksemplar av skjemaet og fekk dei stempla for 3 månader. Det var dette skjemaet som me hadde lese om at måtte forlengjast etter 14 dagar og det var visst eit kjent problem for dei  fleste. Me hadde tydelegvis flaks, fordi me fekk løyva for heile opphaldet og til og med nokon dagar ekstra etter at visumet gjekk ut.

Migrasjonskort 

Stempel i passet

Frå grenso var det 198 km til St. Petersburg og me brukte 5 timar (1 time i trafikkork). På denne strekninga opplevde me vårt fyrste møte med russisk politi. Politimannen skulle berre sjå førarkortet til Geir, men Geir var så modig at han tilbaud også sitt pass 🙂 Men det gjekk fint, politimannen var sikkert berre nysgjerrig. Vår fyrste politisjekk er dermed overstått. Tida endra seg også og me måtte stilla klokka 1 time fram (no er me 2 timar framføre Norge/Slovakia).

På veg til St. Petersburg

I St. Petersburg hadde me bestilt campingplass på førehand. Men ikkje camping i ordets rette forstand, fordi slike finst ikkje i Russland. Det var faktisk berre ein parkeringsplass ved Hotel Elizar og sanitærbygninga var i ei brakke. På hotellet kunne me bruka badstove, internett og kafé og tinga frukost eller middag. Hotellet ligg utanfor sentrum og er bokstaveleg omringa av bolegblokkar. Sidan me var nykommarar i Russland, den fyrste natta ville me vera trygge og ikkje berre campe vilt i naturen. Plassen ved hotellet tinga me for 6 netter og det var mest på grunn av at me hadde lyst til å oppleve seiersdagsfeiringa til russarane (over nazityskland) den 9. mai i ein storby. Sidan med reiste litt forsinka, hadde me ikkje rukke å vera i Moskva, så me bestemde oss for St. Petersburg. Fordelen med denne overnattinga var også det at dei registrerte oss på hotellet, og me slapp å leita etter ein politistasjon. For det er slik at viss du ikkje bur på hotell, må du registrere deg hos politiet. På denne måten overleverer me berre passet og migrasjonskortet i resepsjonen, dei lagar kopiar av alt dei kan, og om nokon få timar eller neste dag gir dei oss den nedste delen av registreringskortet. Denne må ein ta vare på og leverast når ein forlèt landet. Nokon gonger vart me skikkeleg sure, spesielt då dei tok kopi av kvitteringar frå alle hotella me hadde budd på tidlegare. Men dette er ikkje noko å irritere seg over, fordi russarane sjølv må registrere seg, og i Slovakia har det også alltid fungert slik. Det fungerer ikkje slik i Norge lenger, eit kredittkort held.

Hotel Elizar – hotellet vårt i St. Petersburg 

Litt fakta om Russland

Russland er det største landet i verda når det gjeld areal (17 mill. km2). Det er nesten to gonger større enn Canada, det nest største landet i verda. Sibir aleine er meir enn 1,5 gonger større enn Australia og har 30 mill. innbyggjarar (140 mill. i heile Russland). Russland, slik som Kina, grenser mot 14 land som er meir enn noko anna land i verda. Landegrense tel 20 241 kilometer. Bergen ligg på 5. og Vladivostok på 132. breiddegrad – det er nesten ein tredjedel rundt jorda! Russland er landet med flest tidssonar i heile verda og den lengste nasjonale motorvegen i verda. Russisk språk er det fjerde mest talte språket i verda av 285 millionar menneskje (til samanlikning snakkast engelsk av 512 millionar menneskje).

Deko alle veit sikkert at Norge er eit av dei 14 nabolanda til Russland. Men visste deko at Norge er det einaste av desse 14 land som Russland aldri har invadert, okkupert eller kriga mot? Forholdet mellom Norge og Russland er unikt. Grunn til det kan vera den korte grensa på kring 200 km som ligg i tynt befolka region i Nord-Norge, langt ifrå strategiske interesser til sentralmakta til begge landa. I 1905 var Russland den fyrste staten som anerkjende det uavhengige Norge. Og i 1991 var Norge fyrste vestlege land som anerkjende den russiske staten då Sovjetunionen gjekk i oppløysing. Også under den kalde krigen var forholdet mydlo Norge og Russland relativt godt. Me må også nemne Fridtjof Nansen som hjelpte 30 millionar russarar under hungersnøda i 1921-1922 og fekk Nobels fredspris for det i 1922.

Forholdet mydlo Slovakia og Russland er heilt annleis. Sjølv om Slovakia ikkje har noko felles grense med Russland, har Slovakia vore under Russlands «venger» i 40 år. I motsetnad til Norge opplevde dåtidas Tsjekkoslovakia okkupasjon, og sovjetiske troppar vart igjen i landet fram til 1991. Visste deko at 8 dagar etter den sovjetiske invasjonen av Tsjekkoslovakia (21. august 1968) fant kongeleg brudlaup stad i Norge, då kong Harald gifta seg med Sonja? Etter kommunismens fall i 1989 opna grensa seg etter 40 år og slovakar fekk lov til å reisa til andre land enn dei tidlegare sovjetrepublikkane. Russisk var ikkje lenger eit obligatorisk språk på skulane, og i fleire år var det til og med mangel på russiske oversetjarar og tolkar. Men Slovakia og Russland har også mykje til felles: dei er slaviske nasjonar, snakkar liknande språk, har ein felles mentalitet og kulturell nærleik.