Skip to content

80 dagar på tur

I dag prøvde me frukostmeny nr. 4 og fekk semuljegrynsgraut. Etterpå gjekk me rett til Silver Wind for å henta vognkortet og kontrakten. Dei ville at me skulle koma i morgon og henta Bill of Lading, kvittering på shipping av bilen. Me skal reisa med fly i morgon tidleg, so me kan ikkje koma. Men det går visst fint å berre seia nummeret eller vise kopi når me skal henta bilen i Seattle. Dei gav oss også ei lista over utgifter i USA og vart mest glad for vår symbolske gåva: brosjyre om Bergen og ei lita øskje med konfekt. På vegen til hotellet stoppa me på ein kafé der me har vore fleire gongjer og kjøpte dei fantastiske pannekaker dei lagde der, nokre med ost, skinke og kylling og nokre med tvarog og aprikosar. So måtte me på hotellet og pakka. Me reknar ikkje med at det kjem til å skje so mykje før me reiser ut av landet i morgon tidleg, so me oppsummerer vårt opphald i Russland allereie i dag 😊

  

  

  

80 dagar på tur

12 døgn rein køyretid

18 638 km (ca. 233 km/dag) frå Bergen til Vladivostok

1 656 liter diesel

44 832 rublar (8 605 kroner) for diesel

0,92 liter per mil

7 tidssonar med 9 timars forskjell

60% av netter campa vilt, resten ferje, hytte, hotell

1 punktert dekk

4 gongjer på bilverkstad, 3 av dei pga. radiatoren

  

  

  

Etter ei veka i Vladivostok og 80 dagar i Russland tok me farvel med dette vakre landet. Russland er verkjeleg eit vakkert land og ikkje farleg å reisa til. Me vil anbefala det på det sterkaste. Russland som turistmål er so lite kjend i vår vestlege verda. Alle dei fordommar som finst mot Russland må rivast ned. Det var heilt uproblematisk å bevege seg i Russland, (nesten) alt er felles, ein kan gå overalt kor det ikkje står vakt og slå opp telt der det passar (me trur ikkje dette vert so lett i „drøymelandet“ USA). Me har fått veldig godt inntrykk av Russland. Det er ikkje lett å halda kontroll over dette utruleg store landet med so mangjen nasjonalitetar, språk, kulturar og ikkje minst avstandar. Avstandar er so store her at det nesten ikkje går an å førestille seg dei. Russland er nabo både med Norge på den eine enden og Nord-Korea på den andre. Me kjem heilt sikkert til å reise tilbake, ideane er allereie der 😊

Men for denne gongjen er me ferdig med Russland og snart på veg til Vancouver i Canada. Der skal me vera fram til den 13. august når bilen vår kjem til hamna i Seattle. Det er den foreløpige datoen me har fått frå rederiet. Me får sjå om Amerika kjem til å gjera like positivt inntrykk på oss som Russland gjorde. Me har i alle fall noko å samanlikna med. Det var jo ikkje so lengje sidan at dei som hadde russisk visum i passet ikkje fekk amerikansk visum og motsett.

Me har no reist rundt 1/3 av jorda og 9 timar framøver. Når me landar i Vancouver har me reist 2/3 av jorda og 9 timar tilbake. I Vladivostok er det 9 timar meir enn i Nitra og Bergen og 18 timar meir enn i Vancouver. I Vancouver er det 9 timar mindre enn i Europa. Frå Bergen til Vladivostok har me reist 18 638 kilometer og frå Vladivostok til Vancouver er det 8 915 kilometer.