Skip to content

Sørstatane Alabama og Georgia

 

På campingjen snakka me med eit ektepar frå Virginia som hadde slektningar i Norge. Dei dreiv med slektsforsking og derfor reiste dei på tvers av USA. Det er spanande å snakka med folk og høyra om kva dei driv med. Endå meir spanande er viss dei kjem frå Norge eller Slovakia 😊

I nærleiken av Montgomery ligg flybasen Maxwell Air Force Base grunnlagd av brørne Wright i 1910 som er kjend for å ha konstruert forgjengaren til verdas fyrste motorfly i 1903. Flybasen var ein av dei fyrste flyskular i verda og tilbyr i dag opplæring av pilotar og soldatar på høgskulenivå. 

I går rakk me ikkje sjå heile byen, so me reiste inn i byen i dag òg. Me gjekk på historisk museum, men det var ikkje veldig interessant, so me rusla litt i byen i staden for. Forbi domstolbygninga kom me ned til elva Alabama som før i tida tente til transport av bomull.

Montgomery har ein praktbygning av State Capitol frå 1851. Den har vore vitne til viktige historiske hendingar. Montgomery er i dag hovudstad i Alabama med cirka 200 000 innbyggjarar. Men byen var hovudstad også då sørstatane reiv seg laus frå unionen i 1861 og danna ein konføderasjon (Confederate States of America) som reaksjon mot slaveriforbod. Det var nett i State Capitol Jefferson Davis tok ed som konføderasjonens president og lova å forsvara slaveri. President Abraham Lincoln sendte unionssoldatar sørover for å gjera slutt på dette opprøret og då var borgarkrigen i gang. 

  

  

  

Då me kom tilbake til bilen, såg me eit visittkort bak vindaugsviskaren. Det var ein kongressmann som skreiv med hand på kortet at han hadde lyst til å kjøpa bilen vår, om me ville selja 😊 Me køyrte ut av byen i retning Atlanta. Atlanta ligg i Georgia, ein ny stat og ny tidssone og me måtte stilla klokko ein time fram.

Georgia er ein av Sørstatane og grensar mot Alabama i vest, der me nett kom frå, Florida i sør, Sør-Carolina og Atlanterhavet i aust og Nord-Carolina og Tennessee i nord. Nord i staten er fjellkjedo Blue Ridge Mountains som er ein del av Appalachane. Georgia vart oppretta i 1733 som den siste britiske kolonien og oppkalla etter kong Georg II. av Storbritannia. Georgia var ein av dei 13 britiske koloniar som starta den amerikanske revolusjonen i 1775 og erklærte sin uavhengigheit frå Storbritannia 4. juli 1776. Denne dagen feirast i dag som USAs nasjonaldag. I 1788 signerte Georgia den amerikanske grunnlova og vart dermed USAs fjerde delstat. Den jordbruksbaserte økonomien var avhengig av slavearbeid og derfor reiv Georgia seg laus frå unionen i 1861 på same måte som naboen Alabama og 6 andre delstatar og danna Konføderasjonen. Georgia har i dag meir enn 10 mil. innbyggjarar og den største byen er Atlanta. Der skal me i morgon.

Den mest vitja attraksjon i Georgia er Stone Mountain. Den har feilaktig vore marknadsført som det største enkeltstykkje av granitt i verda, men det er altså ikkje sant. Steinen vart forma 300 mil. år tilbake og det høgaste punktet ligg 513 m.o.h., like høg som eit hus på 9 etasjar. Stone Mountain er også kjend for relieffet som førestiller tre viktige personar frå borgarkrigen: president til Konføderasjonen Jefferson Davis, general Robert E. Lee og generalmajor Thomas „Stonewall“ Jackson. Relieffet er større enn det i Mount Rushmore og det tok 50 år å laga det. Granitt frå Stone Mountain var brukt til å byggja Georgia State Capitol og dokkane i Panama-kanalen. Det som tiltrekkjer flest folk er lasershow med musikk og fyrverkeri. Me overnatta like i nærleiken i Stone Mountain Campground, i ein skog i nærleiken av ein innsjø.