Skip to content

Victoria, hovudstaden i Britisk Columbia

I dag var den store bydagen. Me tok buss til byen – nummer 14 går heilt til sentrum og kostar 2,50 $. På bussen som var ein dobbeldekkar fann me oss seter oppe og observerte alt på og langs vegen. I sentrum gjekk me av i Douglas St. og ned til havneområde som var full av restaurantar, gateunderhaldning og turistar. Det var fint ver og sol, so me hadde det ikkje so travelt. Ikkje langt frå havna står Parlamentsbygninga til Britisk Columbia med statue av Dronning Victoria på plenen framom. Bygninga er 150 meter lang, har ein sentral del med ein kuppel og to delar på kvar side. På toppen av kuppelen står ein gylden statue av George Vancouver. På Det kongelege museet (Royal BC Museum) ved sido av parlamentet tok me berre ein brosjyre om utstillingar som me skulle studera og sjå om me hadde lyst å gå der ein annan dag. Vidare spaserte me forbi hotellet Empress, eit stort luksushotell som er ein del av Fairmont-gruppa, same som var i Banff og Lake Louise. Det vart designa av same arkitekt som parlamentet og opna i 1908 som gjer det til eit av dei eldste hotella i Victoria.

  

  

  

  

På ein koseleg restaurant i havna bestilte me miniburgera og kanadisk øl. Mens me åt, gjorde seglskipet Pallada seg klar til å reisa frå havna. Matrosane hang oppe på mastene, ropte og song. Seinare fann me ut at det var ein russisk seglskip bygd i 1988 som i 1992 segla rundt jorda i anledning 270-årsjubileum til Russlands kolonisering av Alaska. Den reknast som verdas raskaste seglskip med fart på 18,7 knop. Mens me åt, såg me også ein gatemusikar so spelte gitar for å tene pengar for å kunne ta si kone med på ein romantisk middag 😊 Dagjen avslutta me med Irish coffee på Irish Pub, me hadde ei lita feiring av 100 dagar på tur 😊

Victoria er hovudstaden i provinsen Britisk Columbia og ligg på ei øy, Vancouver Island. Derfor overraska det oss at bensin er billegare her enn på fastlandet. Byen vart grunnlagt i 1843 som Fort Victoria og er kalla opp etter den lengst regjerande britiske dronninga Victoria. Før heitte den Camosack. Den var eit stort handelssenter på 1800-talet då til dømes Hudson´s Bay Company hadde hovudsete i byen for å kunne driva handel med skinn og pels.