Skip to content

Mydlo Kazan og Perm

I dag skulle me fortsetja nordover. Me har vanlegvis ikkje kart over byar me er i, det ville vera kostbart å kjøpa det i kvar by. So me stolar på kyrkjetårn, elvar og vår orienteringssans. Etter å ha rota rundt i ein time i eit industriområde med store hol i vegen fylt med vatn kom me tilbake til hotellet og fann ut at motorvegen gjekk rett bak hotellet 😊 Må nok presisera her at det ikkje var me, men Ivana som rota. Ho hadde kart over heile Russland og tenkte at me skulle i retning flyplassen for å koma oss ut av byen. Mens Geir orienterte seg etter sole og fekk til slutt rett 😊 Endeleg ut av byen stoppa me på ein bensinstasjon kor me fylde diesel og snakka med ein mann frå Izjevsk som visst hadde køyrd i Finland og Sverige. I Izjevsk eksploderte eit ammunisjonslager og 30 000 menneskje måtte evakuerast berre tre dagar etter at me hadde køyrd forbi.

Neste stopp var middag på ein kafé langs vegen. På menyen sto soljanka, borsjtsj, gulasj og kotelett med potetmos. Langs vegen såg me mange oljebrønnar som jobba sjølvstendig i eitt bankande. Temperaturen var rundt 20 °C heile dagen og sola skein så det var fint å køyra. Etter 500 kilometer og 8 timer på vegen fann me oss ein grei overnattingsstad i nærleiken av Izjevsk. På campingen vår laga me oss god kvelds. Det var MYGG så me måtte spraye oss godt med permetrin. 

  

  

  

  

No har me vore på tur i meir enn ein månad so me tenkte at me kunne fortelja litt om pengar og prisnivå i Russland. Den offisielle valuta i Russland er rubel (RUB). Det er ikkje noko problem å veksla pengar eller ta dei ut av minibank. Betaling med kort er vanleg i store byar. Me hadde alltid kontantar, tok ut større summar og fordelte dei mydlo oss. Kort brukte me berre til å betala større beløp med. Kursen i 2011 var 5 rublar for 1 norsk krone og 1 euro kosta 40 rublar. I 2021, 10 år seinare, er kursen 1 NOK = 8,6 RUB og 1 € = 86,9 RUB. Før avreise opna me ein eigen reisekonto i Skandiabanken og me hadde kvart sitt kort, i tillegg til fleire kredittkort. Skandiabanken hadde forsikra oss om at dei kunne senda eit nytt kort kor som helst i verda i tilfelle me mista det.

Kva kosta ting i Russland? Prisnivået er generelt lågt i Russland, men me sløste ikkje med pengar. Det som kosta mest var hotella. No har me alt budd på ein del hotell og kan samanlikna. I St. Petersburg betalte me 900 rublar per natt for å stå utanfor hotellet. Det er 180 kroner eller 22 euro. I Norge hadde det vore ein grei pris for ein campingplass, i Slovakia altfor dyrt, men me var jo tross alt i Russlands nest største by. I Moskva gjekk prisen opp til 6424 R/natt, dvs. 1300 kroner eller 160 euro. Dette var i overkant dyrt, men me budde sentralt og bilen var trygg. Seinare betalte me stort sett rundt 2 000 rublar per natt. Det er store forskjellar mellom store byer og små plasser på bygda. Maten kostar omtrent det same på matbutikkar, mens på kaféar og restaurant er forskjellane store. Me kunne betala like mykje for ein lett lunsj som for ein full middag. Ein middag kunne gjerne kosta 150 eller 600 rublar, og moderne rettar kosta meir enn russisk mat. Kaffe latte i ein by kosta 90 rublar og omtrent det same som ein middag på landsbygda. På butikken kosta brød 25, smør 86, ost 79, mjelk 33, jogurt 14, syltetøy 33, mjelkjesjokolade 80, ei flaske vatn 13 rublar, for å nemna nokon varer. Diesel kosta 26 rublar per liter i gjennomsnittet, parkering ca. 100-150 rublar. Alt dette var naudsynte ting. Så var det andre ting som me ikkje nødvendigvis måtte kjøpa, men sidan me var på tur ville me oppleva litt. Men kassa var ikkje utømeleg og me måtte prioritera kva me hadde lyst å sjå og gjera.