Skip to content

Byen med meir enn 1000 sjåverdigheiter

I dag bestilte me frukost på hotellet og fekk servert speilegg, pylsa, jogurt og kaffi. I Russland drikk ein eigentleg mest te, ikkje så mykje kaffi. I Norge er det det motsette. Visste deko at Norge har det høgaste kaffiforbruket i verden etter Finland (0,5 % av verdas forbruk per 0,07 % av verdas befolkning som Norge står for)? Nordmenn drikk 3-5 koppar kaffi om dagen, som er 160 liter i året. Men la oss gå tilbake til tradisjonen til tedrikking i Russland. Kinesarane var dei fyrste som tok med seg te til Russland på 1600-tallet. Fyrst var det berre meint for elite, men seinare, særleg etter oppdaginga av samovar, spreidde tedrikking seg blant store delar av befolkninga. Samovar er ein behelder der te bryggjast og helder seg varm heile dagen. Samovar vart etter kvart midtpunktet for møter og feiringar, og tedrikking vart eit dagleg ritual. Det er ein sosial aktivitet, noko liknande som fika i Sverige. Te drikkes i Russland med honning, sukker eller mjølk og til det èt ein kaka og andre søtsaker.

 

I dag var det kaldt ute – berre 5 gradar og regn. Me kledde godt på oss og tok metro til byen. Den fyrste plassen me såg då me gjekk ut av stasjonen på Nevskij prospekt var Oppstandelseskyrkja. Kyrkja kallast også Blodskyrkja fordi tsar Aleksander II. vart myrda på staden i 1881. Det er ei ortodoks kyrkje dekka med meir enn 7500 m2 mosaikkar med bibelske scenar.

Me må berre nemne her at det var Aleksander II. som selte Alaska til USA i 1867 for 7,2 millionar amerikanske dollar. Det var også han som utvikla jernbane, erobra Det fjerne Austen inkludert Vladivostok, innførte reforma på mange områder og ikkje minst avskaffa liveigenskap (eit slags slaveri, men i motsetnad til slavar hadde dei liveigne/bønder eigne gardsbruk).

Geir vart freista til å gå på bilmuseum på andre sida av kanalen. Det var ein liten utstilling av både russiske og amerikanske bilar, til og med ein gamal Lada som høyrte til Medvedev (han var president i 2011). Det var berre noko me konkluderte med sidan eit bilete av ham låg i frontruta. Derifrå gjekk me over ei bru kor det hang mange hengelås. Dei som er forelska «låser» kjærleiken sin på denne måten. I dag kan ein sjå slike hengelås på mange bruer rund om i Europa.

Marsovo pole er ein gedigen park med statuar og minnesmerke til soldatar som falt under Februarrevolusjonen i 1917. Februarrevolusjonen var byrjinga på Den russiske revolusjonen og resulterte i at tsar Nikolai II. abdiserte (gjekk av) og bolsjevikpartiet leia av Lenin tok over makta. Parken hadde diverse funksjoner i løpet av historia. Under beleiringa av Leningrad frå 1941 til 1944 som hadde formål å svelta ut befolkninga, var det ein stor grønsakhage her som skulle mata befolkninga.

Gjennom parken kom me til Treenighetsbrua som opphavleg var ei flytebru og kryssa elva Neva for å koma til Peter- og Paulusfestningen på Zajatsjij ostrov eller Hareøya. Her kjøpte me ein kombinert billett til heile komplekset. Historia til St. Petersburg er ganske interessant. Festninga vart bygd i 1703 for å beskytta byen frå svensk angrep under den nordiske krig. Peter- og Pauluskatedralen, bygd i 1712-1733, er gravstaden til Romanov-dynastiet som herska over Russland i perioden 1613-1730. Både Peter den Store og Katarina den Store er gravlagd her.

I ein av festningens seks bastionar, Trubetskoj-bastion, var det fengsel som var hyppig brukt under revolusjonen i 1917. Av kjende fangar kan man nemne Maksim Gorkij og Lev Trockij. I dag er fengselet eit museum. Visste deko at Lev Trockij, etter ueinigheiter med Stalin og ekskludering frå Kommunistpartiet vart utvist frå Russland og opphaldt seg i eit år i Norge (1935-1936)? Etter press frå den sovjetiske regjeringa vart han satt i husarrest av den norske regjeringa som seinare sørga for hans overføring til Mexico. Der budde han saman med dei berømte malarane Diego Rivera og Frida Kahlo og døydde nokon år seinare.

Eit litt spesielt museum på historisk jord til festningen er Kosmonautikkmuseum (kosmonaut på russisk, men også på slovakisk, betyr astronaut). Utstillinga fokuserte på russisk forsking og aktivitetar i romverda. Vostok-romskipet (historias fyrste bemannede romskip, skote opp i 1961 med Jurij Gagarin om bord) og Sojuz-raketten (ein bererakett som vart brukt til å skyta opp romskipet Sojuz i 1966) var også utstilt.

På vegen tilbake til sentrum såg me folk kledd som sovjetiske soldatar mora seg med musikk og dans. Det er førebuingar til den store seiersdagen overalt i byen.

Også i dag åt me god mat. Krema laksesuppe med reker og raud kaviar var nesten som bergensk fiskesuppe 🙂 Hovudretten var pelmeni med rømme. Pelmeni er nasjonalretten i Russland. Det er ein slags tortellini, pastaputer fylt med kjøttdeig som serverast med rømme. Denne retten stammer frå Sibir og på lokalspråket betyr det brød forma som øyrer eller brødøyrer. Under klimatiske forhold i Sibir vart den veldig populær ikkje berre på grunn av næringsverdien, men også på grunn av lagring – det var mulig å lagre retten frossen ute i fleire månader.