Skip to content

Ubåtar, Gorkij, Sakharov og vakker Kreml

Gratulera med dagen, alle saman! 17. mai for 10 år sidan byrja me med skikkeleg 17. mai-frukost på ein kafé i gågata. Engelsk frukost med speilegg og bacon. Hurra hurra hurra 🙂

  

  

Nizjnij Novgorod, ofte berre kalla for Nizjnij, er Russlands femte største by med nesten 1,5 mill. innbyggjarar. Det har vore ein stor industriby sidan 1800-tallet kor dei har bygd skip, ubåtar og togvogner. Nettopp grunna militær forsking og industrien som laga artiklar til det sovjetiske militæret var byen ein lukka by for utlendingar fram til 1991. Dei fyrste motoriserte båtar i verda var visst også laga her. Geir lurte på korleis dei eksporterte båtane, dette må me finna ut av 🙂 Byen heitte Gorkij frå 1932 til 1991 etter den russiske forfattaren Maksim Gorkij som vart fødd der. Vennskapsbyar er til dømes Györ i Ungarn, Linz i Østerrike og Philadelphia i USA.

Gågata er lang og går heilt til Kreml. På vegen dit måtte me sjå på statuen til Kuzma Minin på plassen Minina og Pozjarskogo. Handelsmannen Kuzma Minin og fyrsten Dmitrij Pozjarskij samla folk som dreiv polske inntrengjarar ut av byen i 1612 (statue deira står også framføre Vasilijkatedralen i Moskva). Byen vart grunnlagt i 1221 der elvane Volga og Oka møtest. Sidan det alt fantes ein Novgorod, fekk denne namnet Nizjnij, altså nedre.

  

Kreml er ei festning med 12 tårn. Dei fleste bygningane høyrer til fylke/kommune. Innafor murene var det utstilt mange militærkøyretøy, fly og ubåtar – i streng kontrast til dei fine blomstrande tulipanane. Der var også ei lita kyrkje og eit minnesmerke til dei falne i krigen med brennande flamme. Ei gruppe soldatar heldt på å skifta vakt – dei var ungdommar og ikkje særleg samankøyrde, så dei var kanskje på opplæring.

Det er fin utsikt frå Kreml som ligg på ei høgde. Mens me beundra landskapet, kom ei eldre dame til oss og var forviten om kor me var frå og om me hadde nokon mynter frå heimlandet. Då ho såg at me ikkje hadde det, ville ho ha rublar. Ho fortalde at sidan ho fekk veldig låg pensjon frå staten og ikkje hadde råd til medisin, var ho nøydt til å tigga. Ho snakka veldig bra engelsk som ho visst hadde lært i Minsk. Kanskje var ho ein gong i tida ein universitetsprofessor, kven veit?

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

Sjølvsagt gjekk me ned til elva Volga, det kunne ikkje Geir gå glipp av. For å komme dit tok me den pompøse trappa som vart bygd til minne om flygaren Valerij Tsjkalov som i 1937 flaug uavbrote frå Moskva via Nordpolen til Vancouver (i USA, ikkje i Canada). Flyturen tok 63 timer over ein distanse på 8 811 km. Ved elvebaren tok me oss ein is ved sida av slepebåten Geroj. Kanskje derfor Geir var så ivrig etter å sjå elva 🙂

  

  

På veg ut av byen hadde me lyst til å sjå leilegheita til Andrei Sakharov som no er eit museum. Han var i eksil i Nizjnij Novgorod for sitt arbeid for menneskerettigheiter (han var elles ein vitskapsmann og den sovjetiske hydrogenbombas far). Han fekk Nobels fredspris i 1975, men vart forhindra frå å reisa til Noreg for ta imot prisen. Men me kom altfor seint til museet, også fordi det låg i eit labyrint av boligblokker og me fann ikkje vegen, og dei hadde akkurat stengt. I leilegheita er også telefonen som Gorbatsjov ringde til i 1986 for å fortelja at Sakharov var fri.

Frå N. Novgorod køyrde me sørover på P158 mot byen Arzamas. Det er faktisk ein by, me trudde det var ei lita bygd, men me køyrde berre gjennom. Me har no køyrd i 6,5 timar og klokka har vorte så mykje at me måtte byrja å leita etter overnatting. Klokka 21:30 vart det mørkt. Ein time seinare fann me endeleg ein grei stad.

Politiet har me så langt prøvd å unngå så godt som mogleg. Geir køyrde med vilje i venstre fil når dei stod i vegkanten og gøymde seg bak ein buss på busstoppet. På vegen til Arzamas lurte me politiet med å ta den andre vegen ved vegskilje enn der dei sto. Elles så er det viktig å halda seg til reglar, halda fartsgrensa, ikkje køyre på raudt, ikkje køyra forbi der det er forbode. Hittil har me berre vorte stoppa éin gong, ved innkøyrsel til St. Petersburg og har heller ikkje måtta betale bestikkelsar. Lenger sør i landet har politiet (DPS) sine stasjonar på eit kryss/vegskilje og der står det som oftast eit par politimenn og passar på.