Skip to content

Endeleg avreisedagen!

Arbeidet med bilen, pakkinga og organiseringa varte heilt til avreisedagen. Me utsette avreisa heile tida, fordi me ikkje var ferdige med alt, men på eit tidspunkt måtte me berre slå i bordet og sei at no er det nok, no reiser me! So me drog av garde med ei forseinking på fleire dagar, ettersom visum til Russland gjaldt frå 1. mai.

Til slutt klarte me å reisa klokka sju om kvelden. Før avreise vog me bilen og vekta viste 2700 kg, det vil seie at bagasjen utgjorde meir enn 500 kilo. Me stoppa på Bryggen i Bergen og tok nokon bilete. Bryggen er dei gamle trebygningane i sentrum frå ca. 1070. I meir enn 400 år (1350-1754) var det setet til hanseatane, dei tyske kjøpmennene. Bryggen har stått på UNESCOs liste over kulturarv sidan 1979. Veit deko at Bergen og Nitra, heimbyen til Ivana, har noko til felles? Også med Roma? Ja, deko har gjetta riktig, alle ligg på eller er omringa av sju fjell. 

Vårt neste stopp var ferja Bruravik-Brimnes klokka 21.45 og etter ytterlegare nesten tre timar fant me ein stad å sova ved vegen. Dei fyrste 200 kilometerane var bak oss 🙂

Kva pakka me med oss?

Kva tar ein med seg på ein so lang tur? Sjølv om det er plass til mykje i bilen, var ikkje bagasjerommet ubegrensa. Til slutt pakka me 500 kilo bagasje inkludert reservedelar til bilen. Me hadde med oss ​​alt me trudde me kom til å trengja.

 

Bilen skulle vera heimen vår i meir enn eit halvt år. Me har eit telt på taket, dette er soverommet vårt. Me set opp teltet ved å sveiva (eit anna verktøy kan også brukast – det fant me ut då me mista sveiva) og teltet går opp. Soverommet er klart på nokre sekundar. Me har ei komfortabel madrass og ei stor dyne der, luksus som heima. Me hadde også tatt med soveposar, dei brukte me stort sett for å pakka oss inn i på kalde kveldar. Me pakka også eit sidetelt som kan brukast til å skifte kle, sitja ute på kalde kveldar eller for å oppbevara ting når bilen står i ro.

Kjøkenet var bak på bilen, nedre del av bakluka. Kjøleskapet var plassert bak framseta. Kjøkenet bestod av ei skuff med kjøkenutstyr, gryter og turrmat. Me hadde god gamaldags primus til matlaging, den tok liten plass. Vatn hadde me i ei kanne på 25 liter med tappekran. Tablettar for å filtrere vatn var også med.

 

Me hadde med altfor mykje kle, slik som alle som skal på ein tur som denne – du finn ut kva du treng fyrst når du ikkje treng det 🙂 Sidan me reiste i april, pakka me kle for fleire årstider. Me hadde ullundertøy, huer, hanskar, varme genserar, vatntette jakker, hurtigturkande termokle, men også tynnare t-skjortar, buksa, shorts (skjørt) og badekle. Sko var også variert: frå spasersko til fjellsko, sandalar og gummistøvlar.

Me hadde også med ein heil forsyning med medisinar. I tillegg til dei vanlege medisinar som paracet og ibux, tok me også med antibiotika, antihistaminer, væskeerstatning, medisin mot diaré, myggmiddel i forskjellige formar (spray, rull). Sjølvsagt hadde me også eit førstehjelpsskrin, og brannsløkkingsapparat var obligatorisk utstyr i Russland.

Av elektronikk pakka me ei datamaskin, kamera, videokamera, stativ, minnebrikker, ekstern harddisk, ladarar og ulike kablar. Me hadde også kompass og kikert, bøker, reiseguidar, kart og nokre brettspel.

Me hadde alltid ein ryggsekk med det viktigaste som pass, ulike løyver, medisinar, harddisk og som oftast også pc. Me hadde også ei falsk lommebok i tilfelle nokon rana oss slik at dei kunne behalde den. Pengar og pass var skjult i belteveske på innsida av buksa slik at den ikkje var synleg.

 

Kva av reservedelar hadde me med oss? Diesel og motoroljefilter. Olje til motor, gearkasse, fordelingskasse og differensialar. Bremsevæske, kjølevæske, grease og servoolje. Laderele og børstar. Bremseklossar, vannpumpe, hjullager og universalkryss. Diverse skruer, boltar, låseboltar for hjul, pakninger, pakningsstoff, o-ringar, sikringar, kablar, reservepærer, kjøleslangar, viftereimer, reparasjonssett for dekk, slange, ventilar etc. Håndverktøy til mekanisk, elektrisk, måleinstument, greasepumpe. 40 liter reserve diesel (held ca. 400 km). Reserve diesel brukte me aldri då me kom ca. 1000 km med originaltanken og me fylte diesel før det vart for grisgrent og studerte nøye kart. To stykk køyreplankar av kompositt for sand og myr. Ekstra jekk, jekkestroppar, løftestroppar og slepetau.