Skip to content

Slabadasking ved vatnet 😊

Det var som å vakna i himmelen. Sol, blå himmel og varme. Det er kjempefint her. Dagen byrja me med lang frukost og kaffi. Me sat i stolane våre, drakk kaffi og såg på vatnet. Det var stilt rundt oss. Etter frukosten var det kropps- og hårvask. Vatnet var varmt, minst 25 varmegrader og veldig grunt. Det var ikkje slek me trudde det skulle vera i Sibir. Folk veit veldig lite om denne verdsdelen og trur det alltid er kaldt her. No er det minst 30 °C, vatnet varmt og sanden fin. Naboane våre som farta rundt i gummibåten brydde seg ikkje.

Resten av dagen solte me oss, las og gjekk på tur. Reine idyllen. Me gjekk òg til butikken i den nærmaste bygda. Me ville ikkje køyra for å ikkje mista plassen vår, men det var godt å bevega seg òg. På butikken kjøpte me ei hermetisk gryte av okse, pota og erter til middag og kefir med frosne bjørnebær til dessert. Sidan det var so varmt måtte me ha noko med ein gong so me kjøpte iskaldt vatn og is 😊 På butikken hadde dei ikkje ei kasse, ho berre telde på kalkulatoren. Butikken låg på ein plass i eit lite bygdasentrum, i lag med fleire butikkar og nokre bodar med grønsaker og sko. I bygda såg me ei vatnpumpe kor me kan fylle vatn før me reiser vidare.

  

  

  

Novosibirsk-demningen er den største kunstige innsjøen i Novosibirsk- og Altaj-regionen. Fordi den ligg ved elva Ob, kallast den også Ob-havet. Elva Ob er ei av dei største elvane i verda og i Russland er den nummer 3 etter Jenisej og Lena når det gjeld vatnføring. Elva Ob åleina er 3 680 km lang, men saman med si viktigaste sideelv, elva Irtysj, utgjer den 5 410 km. Novosibirsk-demningen er omtrent 180 kilometer lang, like lang som Hardangerfjorden. Den er 17 km brei, har eit areal på 1 070 km2 og ei gjennomsnittleg djupna på 8,3 meter. Det er bygd eit kraftverk med ein effekt på 455 MW og årleg produksjon på 1,69 TWh. Bygginga byrja på 1950-tallet og demninga var fylt opp med vatn rundt 1959. På den austlege breiddo av demningen, omtrent 30 km sør for Novosibirsk, ligg Akademgorodok. Det er ein by av universitetar (15), institutta til Det russiske forskingsakademiet (43) og andre forskingsinstituttar (100), samt leilegheitar, hotellar, butikkar, restaurantar, bibliotekar, kinoar, sjukehus, osv. Om sommaren er demningen ein av dei mest populære feriedestinasjonane for innbyggjarane i Novosibirsk.

  

  

  

  

  

  

I går såg me nokre skilt om forbod. Dei lokale såg ikkje ut til å bry seg, dei gjorde alt som var forbode: parkerte, slo opp telt, lagde bål og spelte høg musikk. På kvelden kom det fleire fameliar av festglade russarar. Dei kom med 5 bilar, var minst 20 personar og slo opp telt med ein gong. Dei pressa seg bokstaveleg talt inn på oss. Om natta var det også eit fyrverkeri sidan neste dag var Russlands nasjonaldag – oppretting av Den russiske føderasjonen i 1991.