Skip to content

Bajkalsjøen – verdas finaste innsjø

Ifylgje skiltet hadde me 387 km att til Irkutsk. Me starta kl. 8 og kl. 17 køyrde me gjennom Irkutsk. Me stoppa ikkje, gjorde oss litt kjend med byen og fortsette direkte til Bajkalsjøen. Irkutsk er i ei ny tidssone og me måtte stilla klokko 1 time fram. Det hadde vore planar om å slå saman Irkutsk med Krasnojarsk, men det vart ikkje gjort. I Irkutsk tuta ein bil på oss, og då me såg kva som føregjekk, såg me at rattet var på høgre sida av bilen. Slike bilar importerast i stor skala frå Japan fordi dei er billegare. I Russland køyrar ein på høgre side av vegen, so det er ikkje veldig praktisk. Jo lenger aust me køyrer jo fleire slike bilar ser me. Og i denne bilen sat ein fyr som køyrde med sonen sin på fanget.

Me passerte dampbåten Angara som er eit museum i dag. Angara var eigentleg ein isbrytar, bygd i 1899 i Newcastle og frakta passasjerar over Bajkalsjøen før jernbana var ferdig bygd. Toget vart før i tida transportert av båten Bajkal som også var bygd i Newcastle. Angara er også ei elv, faktisk ei av dei største elvane i Russland og den einaste som renn ut av Bajkalsjøen. Me fylgde den frå Irkutsk heilt til Bajkalsjøen.

  

  

  

  

  

  

  

  

  

Vårt fyrste stopp ved Bajkalsjøen var Listvjanka. Vegen til Listvjanka var veldig god, sjølv om det var mykje opp og ned og mangjen bilar på vegen. Då me nærma oss, vart det plutseleg mykje kaldare i lufta enn i Irkutsk, faktisk 10 grader mindre. Dette er vanleg då temperaturen i Baikalsjøen ikkje når meir enn ca. 5 grader om sommaren og då ligg ofte isen i nord framleis.

Listvjanka er ei turistbygd med masse hotellar, butikkar, suvenirar, caféar, restaurantar, rett og slett eit turistsenter. Me køyrde gjennom bygda og undersøkte kva som var der. So køyrde me mot skiltet camping og hamna på Derevenka. Eigaren Andrej kunne tilby oss ei hytte med dusj og toalett på området sitt, eller so kunne me stå utanfor og telta. Men so sa han at me kunne stå inne på plassen hans. Me kunne eta medbrakt i hovudhytta og han skulle laga te eller kaffi. Toalett og dusj kunne me også bruka. Han serverte ”voditsjka”, bokstaveleg oversett som liten vodka, altså ein shot vodka. Etter den lokale tradisjonen skal ein dyppe ringfingeren ned i vodka og ta på bordet tre gonger – for Guden til Bajkal. Vodkaen heitte Omulevka, oppkalt etter fiskjen omul. Me kom i prat med Andrej, han var veldig interessert i kor me kom ifrå og me snakka om alt mogleg. Han fekk ei brosjyre om Bergen frå oss og sidan han hadde internett i huset, slo han opp Hardanger og Geir viste han Øystese 😊 Han snakka mykje om fisking og me sa at det er mangje som reiser til Norge for å fiska. Han ville vita prisar på same type overnatting i Norge som han tilbyr og me vart einige om at det kosta like mykje begge stader. Konklusjonen var då at det var veldig dyrt i Listvjanka. Det vart seint og me kunne dusja i banja før me la oss. Han hadde ein omn som han fyrte i badstova med og varma vatn frå. I dusjen var det ein vanleg slange med dusjhåve. Det var heilt greitt å dusja etter meir enn ei veka utan 😊

  

  

  

  

Bajkalsjøen er ei perla i Sibir. Ifylgje nokon verdas finaste innsjø. Den er 600 kilometer lang, 79 kilometer brei og 1 637 meter djup, noko som gjer den til verdas djupaste innsjø (under sjøbotnen ligg det 7 km med sedimenter). Bajkalsjøen inneheld 20 % av alt ferskvatn på jorda. Meir enn 300 elvar og bekkjer renn inn i den, mens det kun er ei elv som renn ut av den og det er Angara. Alle verdas elvar ville brukt eitt år på å fylla opp Bajkalsjøen. Arealmessig er den like stor som Belgia (31 500 km2) og har ei kystlengd på 2 000 kilometer. Den er også verdas eldste innsjø (25-30 mil. år). Den har 26 øyar og den største er Olkhon. Vatnet er krystallklart og kan drikkast direkte frå innsjøen. Bortsett frå Bajkalsk kor cellulosefabrikken slepp kjemikaliar ut i sjøen og forureinar den. Bajkalsjøen er administrativt delt i Republikk Burjatia (i nord og aust, Ulan-Ude er senteret) og Irkutsk-regionen (i vest og sør, Irkutsk er senteret). Når det gjeld språk og religion so er desse utbreidd: russisk språk / ortodoks kristendom, burjatisk språk / buddhisme og evenkisk språk / sjamanisme. Bajkalsjøen vart skriven inn på UNESCO si liste over verdas naturarv i 1996.