Skip to content

Bilverkstad og siste glimt av Irkutsk

I natt regna og lynte det so mykje at me vart redd for at lynet skulle slå i teltet so me gjekk ned or teltet og inn i bilen. Der venta me til det roa seg ned og gjekk opp att klokka fem. Klokka 9 vakna me og reiste til Irkutsk med ein gong. Det vart kaldare og overskya.

På veg til Irkutsk for ei veka sidan såg me ein Toyota-forhandlar og no køyrde me direkte dit. Der fekk me hjelp av ein ung mann og fekk beskjed om å setja oss og venta. Dei hadde eit skikkeleg venterom. Det var eigentleg ein kafé der me fekk servert ved bordet og dei hadde også wifi. Det nytta me til å senda reisebrevet og gjera andre ting på nettet. Me var der nemleg i 4 timar. Frå kaféen var det store vindauge inn i verkstaden og me kunne fylgja med på kva dei gjorde med bilen vår og alle andre bilar. Dei tok ikkje berre bilen inn i verkstaden for der var det like reint som på eit kontor. Dei vaska bilen før dei køyrde han inn i hallen for å undersøkje kva som var gale med han. Gratis vask, kan nokon seia, men dei spylte opp i skøyten på teltet og det rant litt vatn inn i sengje vår. Dette er det mest ekstreme me har sett av eit bilanlegg. Verkstaden var lika strøken som salgshallen og personalet var imøtekomande og fint kledde.  Vår mann Maksim fortalde om at det verste berre venta på oss. Vegen til Sludjanka, ca. 200 km, går over høge fjell og bratte bakkar. Men resten av vegen til Vladivostok skulle vera bra. Han hadde køyrd der sjølv for to år sidan då vegen ikkje var ferdig, men no skulle den vera ferdig. Me betalte 560 rublar (112 kroner) på verkstaden. Dei konstaterte at nokre kjølegangar i radiatoren var tette og at han ville gå varm att dersom det vart varmare og bratt. Dei kunne bestille ein ny radiator, men då måtte me vente i 1,5 månad.

  

  

  

  

Me måtte gjøno Irkutsk so me stoppa for å sjå på Znamenskij-klosteret. Det er ei lita og låg kyrkje bygd i 1762 kor dei oppbevarar levningane til Sibirs skytshelgen Skt. Innocent i ein gull sarkofag. Han var fødd i Ukraina i 1680 og i 1721 sendte Peter den Store han til Kina som biskop, men dei nekta han adgang so han busette seg i Sibir. I Irkutsk vart han biskop i 1727 og konverterte burjatane til kristendom. Han døydde i 1731. Han vert ofte forveksla med Skt. Innocent av Alaska, den fyrste ortodokse biskopen i Alaska, som var født i nærleiken av Irkutsk. På tomta til klosteret er det graver av to kjende personar i Irkutsk: Jekaterina Trubetskaja og Grigorij Sjelekhov. Jekaterina Trubetskaja var kona til prins Sergej Trubetskij og representerte lojalitet og hengjevnad då ho fylgde mannen sin inn i eksil i Sibir etter dekabrist-opprøret i 1825. Grigorij Sjelekhov var ein kjent oppdagar som grunnla russiske busetnadar på kysten i Alaska. Han vert kalla for „russisk Kolumbus“ fordi han leia ein ekspedisjon til Nord-Amerika i 1783-1786. Alaska vart amerikansk fyrst i 1867. Framom klosteret står også statua av admiral Koltsjak, ein omstridt statue avdekka i 2004. Han vart skoten av bolsjevikane i Irkutsk i 1920 og hiven inn i Usjanovka-elva.

  

  

Før me reiste ut av byen åt me på restauranten U Švejka. På menyen var det kjøt på sibirsk steikt i omn med ost og servert med gulrot, tomat og rømme. Sjølvsagt smakte me òg tsjekkiske pylser. Her skulle kokte pote vera med, men servitøren meinte det var ein „error“ i menyen, lo og brydde seg ikkje meir.

Švejk var hovudperson i romanen Den tapre soldat Švejk og hans eventyr i verdskrigen, skriven av den tsjekkiske forfattaren Jaroslav Hašek. Hašek budde i Irkutsk i 3 månader i 1920. Han var medlem av den politiske avdelinga i 5. arméen. Han jobba på eit bibliotek og gav ut den aller fyrste burjatiske avisa nokon gong utgitt. Han har to minnetavler i Irkutsk og den ovannemnde puben/restauranten er oppkalla etter han.

  

Me kom oss ut av byen, fylde diesel og fylgde skiltet Sludjanka på veg M55. Dette var den bratte vegen Maksim fortalde om, bilen sleit seg sakte oppøver og det regna i tillegg. Etter to timar kom me til Kultuk kor vegen svingte mot Tunka-dalen og nasjonalparken Tunkinskij natsionalnij park. Dalen strekkjer seg frå Bajkalsjøen til grenso til Mongolia. Det var ein fin dal, mangjen fine små plassar, fine grøne sletter og høge fjedl. Me såg skilt om at det var bjødn i skogen og torde ikkje å stoppe kor som helst. Me køyrde heilt til Zjemtsjug og stoppa klokka 23.