Skip to content

Birobidzjan, senteret i den jødiske sjølvstyrde regionen

I dag vakna me på ein parkeringsplass saman med lastebilar. To store lastebilar stod rett bak oss. Han eine sjåføren ville ikkje stå opp, so han andre tuta med fløyta, kjefta og sette på høg musikk. Det var berre å stå opp når me likevel var vakne. Me snakka med han som hadde tuta. Han meinte at me måtte heisa opp stigen om natta, elles kom nokon til å stela han 😊 Frukosten fekk me på kaféen og det var den største porsjonen me har fått i Russland: tre speilegg med skinka, pylsa, tre blini med rømme og kaffi. Me fekk tappa vatn og var klare til avreise.

På ettermiddagen kom me til byen Birobidzjan, hovudstaden i den jødiske sjølvstyrde regionen Jevrejskaja autonomnaja oblast. Dette er eit 36 000 km2 stort område mydlo Khabarovsk i aust, Kina i sør og Russland i nord.

På 1920-talet inviterte Stalin jødar til å busetje seg nett her, i eit lite fruktbart svampområde. Det var ein del av hans prosjekt kalla for „Stalins Zion“. Byen vart grunnlagd i 1927 og på det meste budde 32 000 jødar frå Ukraina, Kviterussland, USA, Argentina og Palestina her. Talet jødar sank ned til 17 500 på 1930-talet då antisemittismen var på veg opp. I dag utgjer jødane ca. 2,4 % av befolkninga her. Dei forverra diplomatiske forhold mydlo Russland og Israel sidan 1991 har òg spelt ei rolle her. Me hadde lyst til å læra meir om dei, men både det regionale museet og det jødiske kultursenteret Freid var stengde. Det viste seg at musea i Birobidzjan er stengde på måndagar og tysdagar.

Dei gamle 10-rubelsmyntar er laga i enkelte republikkar og autonome (sjølvstyrde) regionar. Den aller fyrste me fekk var nett frå Jevrejskaja autonomnaja oblast (AO) og sidan har me samla på dei.

Det var faktisk ikkje so mykje å sjå i byen. I den vetle gågata har dei fire store kjøpesentera med blanke fasadar og små butikkar. Me gjekk inn i eit av dei og på leiting etter do vart me stoppa av ei ung dame som selde badetøy. Ho ropte på oss, presenterte seg og spurde om ALT: kor me var ifrå, kor me skulle, korleis me reiste, kor me skulle bu i Khabarovsk, om me hadde bodn. Ho snakka berre på russisk og alt var heilt topp, ho viste tommelen opp heile tida 😊 Ho fortalde kor me kunne kjøpa suvenirar og gav oss nokre tips om kva me måtte sjå i byen. Me måtte i alle fall gå til elvepromenaden, der var det fint å ta bilete. Filharmoniet var også fint å få med seg, det var ein stor bygning med statuar, blomar og ei stor fontene framom. Gjennom byen renn elvane Bira og Bidzjan og det var ganskje mykje straum og vatn i dei. Leninstatua og administrasjonsbyggjet til Jevrejskaja AO var i nærleiken, det var også ein internettkafé kor dei hadde pc-ar, so me tinga hotell i Khabarovsk.

  

  

  

  

  

  

  

  

Plutseleg fann me ut at klokko var vorten 1 time meir enn det vår klokka synte. Det vil seia at me alt var komne til den siste tidssona, Vladivostok-tida. Her er det 7 timar meir enn i Moskva.

Overnattinga skar seg fullstendig, me fann ikkje noko høveleg og køyrde heilt til Khabarovsk. Ved innkøyrselen til byen snudde me og køyrde tilbake til eit motell. Me er ikkje kresne, men dette var noko av det eklaste me har opplevd i heile vårt liv. Rommet var innsausa i kraftig røykjelukt, sengjene var steinharde og sengetyet var fult av røykjelukt, flekkjer og hol. Me låg fullt påkledde og heilt i ro i same stilling heile natta.