Skip to content

Majestetiske Volga-Don-kanalen

I dag vakna me til ein sms frå GPS-en om at bilen hadde flytta på seg klokka 2 i natt. Heilt forskrekka såg me ut av vindauga om bilen verkjeleg var vekke. Og det var den heldigvis ikkje. Satellitten hadde sikkert berre justert posisjonen. For eit sjokk!

Me brukte eit GPS-system som virka slik at når me gjekk frå bilen sendte me ein sms med „move“ til GPS-en. Dersom bilen flytta seg meir enn 50 meter fekk me melding og kunne gå direkte i kart for å sjå bilen flytta på seg. Me hadde eit tvillingkort i GPS-en og sendte kommandoar med telefonen. Dette fungerte fint i Russland, men når me kom til USA var me plutseleg utanfor kysten av Portugal. I dag brukar med eit sjølvstendig M2M kort i GPS-en for å unngå tull når me kjem inn i eit område med nytt nett/operatør og det virkar likt over heile verda.

Me vart letta, roa oss ned og gjekk for å eta frukost. Det var eit imponerande stort utval av mat, både pålegg og varm mat, pote, karbonade, pylser, omelett, graut, pannekaker, syrniki og mange andre godsaker. Det var dårleg med kaffi her òg, men teen var god. Det kjekke med å bu på hotell er å sjå kva dei serverer til frukost og korleis hotella er innreia. Hotel Juzjnaja var eit 3-stjernes hotell, med oppussa rom og bra service, men kanskje litt overprisa til å vera 3 km frå sentrum: 4000 RUB (800 kroner) per dobbeltrom.

I går, då me leita etter hotell, kom me over Hotel Starij Stalingrad midt i sentrum. Me avtalte med dei at me skulle bu der i natt. Det var eit 5-stjernes hotell, romma var mykje finare og større og sjølv om me hadde fått pris 4 500 RUB i går så fekk me eit anna rom i dag for 3 000 RUB (600 kroner). Det var eigentleg berre eit enkelt rom med ei brei seng, men det var det største og finaste rommet me har budd på hittil (det var til og med massasjedusj på badet). Starij Stalingrad betyr gamle Stalingrad og det stemte heilt med interiøret – Lenin-byste, sigd og hammar og andre interessante detaljar i resepsjonen.

  

På hotellet prøvde me å finna ut kor Volga-Don-kanalen og Gamle Sarepta var, men dei sa rett ut at dei ikkje hadde peiling. Me hadde i mellomtida funna det på kartet og visste kor me skulle køyra. Desse plassar ligg 30 km sør for byen og me brukte ein time. Sidan Volgograd er nesten 100 km lang så var me jo i byen.

Me kom til eit forvirrande kryss og diskuterte korleis det eigentleg var med filer og lys. Det såg ut som det var høgre fil som hadde raudt og sidan me sto i den venstre så var det berre å køyra. Med ein gong me forlét krysset, stoppa politiet oss. Dei hadde ein stasjon midt i krysset. Politimannen ville ikkje høyra noko om at me hadde trudd at det var grønt lys. Han trudde heller ikkje på førarkortet til Geir, trudde det var ein kopi, og sende Geir til stasjonen. Der sat ein annan politimann som jaga ut den forrige og var mest interessert i kor me var frå og kor me skulle. Og Geir som eigentleg ikkje snakkar russisk gjorde plutseleg det og me slapp unna utan bot 😊 Dei tar visst lappen når ein køyrer på raudt, så me hadde flaks.

Då er me framme ved den fyrste slusa til Volga-Don-kanalen. Dette kjempeverket frå Stalin si tid vart bygd i 1952 av ein million fangar. Den forbind elvane Volga og Don og dermed også Det kaspiske hav med Azovhavet og Svartehavet (Det kaspiske hav er verdas største innsjø arealmessig, 371 800 km2). Den er 101 km lang og startar her i Sarepta og ender i Tsimljansk demning (den gamle festningen Sarkel frå 830-840 måtte vike unna for demninga og no ligg den under vatn; nokre av funna er utstilt i Eremitasjen i St. Petersburg). Kanalen har 9 sluser, dei minste er 145 m lange, 17 m breie og 3,6 m djupe, og toler 5000 tonn last (det er laga eigne fartyg som utnyttar slusene maksimalt). Det kaspiske hav ligg på 28 meter under havoverflata og Volgograd 52 meter over havet. Slusane kan lyfta båtar 88 meter på Volga-sida og 44 meter på Don-sida.

  

  

  

  

Derifrå flytta me oss til Gamle Sarepta eller Sarepta på Volga. På kartet kan ein finna det på engelsk som Old Sarepta. Sarepta er oppkalla etter elva Sarpa som renn ut i Volga like i nærleiken. Sarepta er ein av 106 tidlegare tyske koloniar og vart grunnlagt i 1765 av den tsjekkiske og moraviske menigheita frå Herrnhut (også kalla Dei bøhmiske brørne eller herrnhutarane). Dei takka ja til invitasjon frå Katarina den Store som ho sendte til innbyggjarane i europeiske land som del av eit jordbruksprogram. Dei fleste av dei kom frå Tyskland, og sidan dei busette seg ved Volga, vert dei referert til som Volga-tyskarar. Dei fekk viktige privilegiar, utvikla handtverk og handel her, og Sarepta vart snart eit viktig økonomisk og kulturelt sentrum i Nedre Volga-regionen. Denne staden er kjend over heile verda for å produsere og selje sennep (på bilete under er det frø frå sareptasennep (den i midten), oppe er frøa frå engelsk og nede frå fransk sennep). I dag bur det framleis etterkomarar av tyske innvandrarar her og verken den fyrste eller andre verdskrig har klart å øydeleggje gode relasjonar mellom tyskarane og russarane.

I dag er det museum her. Den store rektangulære plassen er omgitt av bygningar med tysk arkitektur, det seiest å vera dei eldste steinbygningane i Volgograd. I 1989 vart Sarepta erklært eit verna område. Me kom akkurat i lunsjpausen, men ei hyggjeleg dame guida oss likevel. Ho synte og fortalte veldig mykje, ho var veldig takknemleg for at me vitja dei og ga oss i gåve ei avis som museet gir ut. Ho geleida oss gjennom 3 utstillingar om tyske og russiske protestantar, om dyrking av sennep og synte oss det opphavlege apoteket. Ho tok oss også med til den 250 år gamle lutherske kyrkja, kor me vart guida av ei anna dame. Ho var veldig interessert i at me kom frå Norge der folk flest er protestantar. Kyrkja var fin og lys, dei hadde nettopp fengje eit nytt orgel, og det er gudstenester i kyrkjo kvar sundag.

  

  

  

  

  

  

På vegen tilbake til Volgograd vart me stoppa av politiet igjen – på same plass, av same politimann. Denne gongen var han berre forviten og ville sjå bagasjerommet, korleis me hadde organisert det, kva me hadde i dei forskjellige kassane. Han må ha vore veldig interessert fordi han kryssa ein 4-felts veg berre for å sjå i bagasjerommet vårt 😊

Tilbake til sentrum, gjekk me ut for å eta. På Grand Pizza på sida av Hotel Volgograd fekk me pizza, Guiness og her også hadde dei Zlatý Bažant (slovakisk øl). Litt brisne gjekk me ned til kaien og hoppa på ein båt som segla på Volga. Det blæs og var litt kaldt, men det var kjekt. Frå båten såg me Mamajev Kurgan, heile byen mot nord og me gjekk under den nye brua som opna i 2009 etter 13 års bygging. Den er 2 514 meter lang, har to filer, men dei bygde pelar til firfelt når dei fyrst var i gang slik at dei berre lagar køyrebanen når det vert behov.

  

  

  

  

Volga, som me nettopp har segla på og som me såg i Nizjnij Novgorod, er Europas lengste elv. 8 av verdas 20 lengste elvar er i Russland og Volga er ei av dei; alle desse elvane bortsett frå Volga renn ut i Nordishavet. Volga har ei lengde på 3 690 km og 200 sideelvar. 11 av Russlands 20 største byar er i nedbørsfeltet til Volga. Elva er den viktigaste vatnveg i Russland og trafikkjen på den er nesten like stor som på alle dei andre elvane i tidlegare Sovjetunion totalt. Volga startar på ca. 220 meter over havet i Valdajhøgdene nordvest for Moskva og renn ut i Det kaspiske hav på 28 meter under havoverflata. Volgadelta er den største elvemunningen i Europa med lengde på ca. 160 km og 500 kanalar og elvar. Her kan ein finna eit verdifullt økosystem og det er den einaste staden i Russland der ein kan sjå pelikanar, flamingoar og indisk lotus. Viss du skulle finna på å segla frå Norge til Svartehavet så er Volga vegen. Det er eit stort nettverk av seglbare vatnvegar med store kunstige innsjøar og sluseanlegg.